Ellens tråd i veven

Den beste 6-åringen i verda

9. juli 2010 0:10

har bursdag i dag. Hurra for Magne som er super!

Mamma gratulerer så mykje!

En gang i livet … Når e en gang i livet? E det ikke no? Snart?

7. juli 2010 2:05

Endeleg blei det ein gong i livet: 12. mai tok mi mor oss med på hurtigrutetur nordover med “Trollfjord”, frå Bodø til Kirkenes, 4 dagar og 3 netter. Bileta er tatt av meg og Lasse.

Hurtigrutelivet passa bra for oss, undervegs for dei som ikkje har det travelt. Boblebad over Vestfjorden med Lofotveggen som bakteppe, er absolutt å rå til!

Tromsø og Ishavskatedralen.

Hunting the light.

Honningsvåg, vegen til Nordkapp.

Nordkapp, 71 grader nord, var akkurat slik eg hadde sett det for meg.

Kirkenes, endestasjonen på hurtigrutecruiset.

Vi overnatta på det nyopna hotellet Thorn, med vakker utsikt, før vi tok flyet heimover.

Vi klarte det, vi klarte det, vi klarte det, vi klarte det!

14. juni 2010 0:30

Utfordringar og meistring står i høgsetet for tida. I helga var det «Midnattsolrittet 2010» i regi av Bodø Cyckleklubb, å sykle frå Fauske til Bodø, 55 kilometer. Eg og to kollegaer gjennomførte det på laurdag. Vi starta kl. 18.10.

Illustrasjonsfoto lånt av Avisa Nordland

Ho eine av oss suste av garde og fekk ei kjempegod plassering på resultatlista. Vi to andre heldt oss i lag i tilfelle nokon av oss måtte ha hjelp til å ringe 113. Og vi trøysta oss med at om vi braut rittet, kunne returbussen plukke oss opp. Vi kom i mål på 2 timar, 58 minutt og nokre sekund! Eg gjekk ikkje av sykkelen anna enn på drikke- og matstasjonane. Meistringskjensla er på topp! Vi klarte det!

P.S. Det finst ingen flate strekningar mellom Fauske og Bodø!

«Det mørke tårn VI – Susannahs sang» (2009) av Stephen King.

10. juni 2010 0:13

«Susannahs sang» held fram der «Ulvene» ender, etter å ha avslutta deira gjeremål i Calla Bryn Sturgis, får revolvermennene og ka-tet selskap av fader Callahan. Dei vert splitta opp da gravide Susannah blir kidnappa av demonen Mia, som drar tilbake til New York i 1999 for å føde og oppdra «krabaten». Roland, Eddie, Jake og Callahan si oppgåve blir då å verne om ei raud rose på ei aude tomt i New York, samtidig som dei må finne det mørke tårn før alle verdene kollapsar. I tillegg eksisterer det ein forfattar som av ein eller anna grunn har slutta å skrive på denne historia, og ka-tet må overtyde han til å skrive vidare, ellers sluttar dei å eksistere.

Bok nr. 6 verkar som eit mellomspel i den eigentlige handlinga, nett slik som førre bok «Ulvene». Dei markerer eit klårt skilje frå dei fyrste fire bøkene. Nummer 5 og 6 har har ingenting med drivkrafta og målet i denne 7-bindserien. Eg føler at King har gått utanom strålen sin veg.

Det tar nesten halve boka før eg er fortruleg med språket og handlinga. Scenene mellom Mia og Susannah, som for det meste skjer i den sistnemnte sitt indre, blir for gjentakande og keisam. Og så må forfattaren sjølv skrive seg inn i forteljinga. Det er mogeleg at han prøver på å knytte saman bibliografien og biografien sin med universet generelt, men det ender opp med ein pinleg sirkelargumentasjon.

Likevel, som ein «constant reader» og trufast til den bitre enden, så må ein lese den som ein opptakt til siste del av eposet om «det mørke tårn».

Mi leseoppleving:terningkast 3

«En verdensomseiling under havet» (1870) av Jules Verne

29. mai 2010 1:03

Romanen er bygd opp av mange fantastiske hendingar på slutten av 1800-talet, der mannskapet på ubåten Nautilus opplever undervass-skogar, gedigne skjell, angrep av ein gigantisk blekksprut, ferda under Sør-Polen, monsterstorm og oppdaginga av det gløymte Atlantis.

Eg-personen professor Pierre Aronnax blir saman med tenaren Conseil og harpuneren Ned Land, tatt til fange av kaptein Nemo. Gjennom Aronnax blir vi lesarar meir kjent med den gåtefulle Nemo. Kven er han? Kvifor har han valt bort livet på landjorda? Kva søkjer han etter? Men eg synest ikkje boka gjev noko konkrete svar. Då vippar eg mellom det geniale og utilfredsstillande.

Om eg hadde lese denne då eg var yngre, ville eg har blitt fascinert over eventyret, oppfinningane og mysteriet. No som eg er (mykje) eldre, vil eg ha meir. Kva var målet med Nemo si reise under havet? Han forklarar metodar og innretningar i minste detalj (til det keisame) til Aronnax, kvifor fortel han då ikkje det viktigaste? Plottet er som sagt genialt, men eg blir ikkje tilfredsstilt.

Mi leseoppleving:terningkast 4

Ja, tenke det; ønske det; ville det med; — men gjøre det! Nei; det skjønner jeg ikke!

8. mai 2010 23:46

sa Ibsen sin Peer Gynt i 1867.

Det var noko sånt vi tenkte då vi starta i vinter på dansing for damer 30+. Ladies night er for oss mødre og tanter som har fylgt våre håpefulle på dansetreningane deira, og likt “movsa” deira. Vi var over 70 damer på opningskvelden, den største gruppa i Dans Fauske! Med Candyman, Tina Turner, Salsa, Queen og Hot and cold i øyre og føter, har vinteren gått og våren nesten kome. Ein gong i veka har vi flira, dansa og hatt det toppers. I kveld var vi omtrent 20 på vår-showet.

Eg er ingen meister, ikkje eingong fauskemeister, men eg dansa på scenen framfor 1000 menneske! Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å delta sidan eg er sjenert av natur, men eg kunne ikkje bortforklare det for min son og alle dei andre ungane som skulle vere med. I ettertid er eg ikkje sikker på om eg hugsa alle stega, men eg var med!

A giant leap for me!

Ortoklor har hatt ein liknande oppleving …

Strikking – del 4

29. april 2010 0:08

Nummer 4 i strikke-føljetongen:

Ei lue strikka av restgarn i PT3, pinnenr. 5 og 90 startmasker.

Strikking – del 3

27. april 2010 16:56

Del 3 i strikke-føljetongen:

Ullvottar er ein forbruksvare!

2 par piratvottar strikket på pinnenr. 3 1/2 og eit par vottar strikket i Regia-garn på pinnenr. 3 1/2 etter oppskrift 100-27 i Gjestal-heftet no. 100.

Strikking – del 2

26. april 2010 15:04

Her kjem del 2 i strikke-føljetongen:

I løpet av mitt medlemskap i hobbyklubben.no, har eg mottatt eit par handarbeidsbøker. Ei av dei er “Strikkeboka” av Gerd Fjellanger som har ei oppskrift på eit fantastisk trekantsjal på side 94. Her er resultatet:

Sjalet er strikket i Drops Alpaca med pinne nr. 3, og heklet med heklenål nr. 3

Strikking – del 1

25. april 2010 0:59

Eg har strikka litt i det siste, men ikkje blogga om det, så no vil det kome ein serie med strikking. Dermed er dykk åtvara!

I vinter strikka eg ei jakke, nr. 1 frå heftet “Sisu familie 9805″ av Sandnes Uldvarefabrik. Jakka har erme i str. S og bole i str. M, då dama som ho er strikka til er lita og litt rund rundt midja :) . Garnet som er brukt er Sisu med pinne nr. 2 1/2 og 3.