Arkiv for 'oktober, 2009'
Unge doktor Victor Frankenstein er forgjord etter kjemi og alkymi. Han er drive av det teknologiske imperativ, trass i åtvaringane frå lærarane sine som ser mot opplysningstida. Då han skaper liv av restar frå menneskelege lik og elektrisitet, står han ovanfor eit etisk dilemma; kan skaparen krevje noko frå sitt produkt, eller er han i gjeld til det han skapte?
Fire menneske veddar om kven som kan skrive den beste skrekkhistoria etter ein keisam og regnfull dag. To av dei fullførar veddemålet, og Shelley sitt bidrag er «Frankenstein – eller den moderne Prometevs». Den reknast for den fyrste science fictionhistoria, sidan ho er den fyrste til å kombinerer teknologi og vitskap med det som kan bli mogeleg i framtida.
Shelley levde i ei tid då industrialiseringa skaut fart og ein var skeptisk til snøggleiken og nyvinningane. I dag er me skeptiske til genteknologi og miljøet – og me står ovanfor dei same problemstillingane. Dette er ei bok me framleis kan grøsse og tenkje litt over.
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
3 kommentarer »
Ingeborg er 14 år i 1734. Ho lev saman med mora, halvbroren Peder og stefaren Gabriel på ein gård i ei kystbygd i Noreg. Då mora vert tilkalla ved barnefødslar, forgrip stefaren seg på Ingeborg. Utan sjanse til å kunne fortelja om løyndomen til nokon, får ho ei ny von da ho treff husmannsguten Mikkel.
Debutromanen til Aina Basso ber preg av hennar masteroppgåve i historie med vekt på seksuelle brotsverk på 1700-talet. Indirekte skriv ho korleis lovtekstane oppstår og kva slags konsekvensar det får for kvardagsmenneske på ein poetisk måte. Kapitla er ikkje på meir enn ei og ei halv side, setningane er knappe og skildrar kjende og nære kjensler.
Eg ser mange likskapstrekk mellom Ingeborg og Tora frå «Huset med den blinde glassveranda» av Wassmo. Båe stefedrane forgrip seg då mødrene jobbar på kvelden og natta. Dei er funksjonshemma, den eine har ei skada skulder, den andre er halt. Båe jentene lengtar etter deira døde, biologiske fedre og drøymer om korleis tilvære kunne ha vert annleis. Dette viser at problematikken rundt blodskam var aktuell på 1700-talet, på 1900-talet, og skapar framleis engasjement og sinne i dag og.
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
1 kommentar »
Barndomsvenene Jon, Alex og Philip drar på hyttetur til Dødvannet. Då dei er i båt på vatnet, hoppar ein av dei over bord, medan dei andre ikkje gjer noko for å unngå det. Sejer og Skarre er sat på saken, og får ekstra mykje å gjere då dei finn eit til lik i eit vatn i nærleiken. Fins det ein samanheng, kva er linken, kva slags brotsverk er gjort, og kven er eigentlig den skuldige?
Som lesar får eg vera med gjengen frå starten av, og veit med ein gong at noko skurrar. Dei har ein eller anna løyndom saman, som er så stor at dei ikkje kan forklara politiet kva som eigentleg har skjedd då ein av dei druknar. Sjølv om dette er den niande romanen om politietterforskaren Sejer, gjer han veldig lite av seg. Her er det Jon, Alex og Philip som har ordet.
Eg synast at ugjerninga som er gjort kan vanskeleg måle seg med etterspelet. Sidan me veit kven dei skuldige er, så burde Fossum ha briljert meir rundt plottet. Ho er ein meister til å skildre menneskesinnet, men ho kunne ha gjort meir ut av dei knapt 200 sidene.
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
1 kommentar »
I høve årstida og veret:
NORD
Se oftere mot nord. Gå mot vinden, du får rødere kinn.
Finn den ulendte stien. Hold den.
Den er kortere.
Nord er best.
Vinterens flammehimmel, sommer-
nattens solmirakel.
Gå mot vinden. Klyv berg.
Se mot nord.
Oftere.
Det er langt dette landet.
Det meste er nord.
- frå samlinga Nattåpent (1985) av Rolf Jacobsen
Kategorier: Litteratur
1 kommentar »
I den siste boka i trilogien om Ragnhild trur Håkon at han har berre eit år att å leve. Han er i gjeld oppover øyra og vil døy med ære. Ragnhild held maska då husbonden forlet henne og blir verande ein stad vest i havgapet.
Dette blir for mykje klaging for meg. Håkon er sjølvoppteken, utan konsekvenstenking og lid av mentaliteten til ein struts. Hadde det ikkje vore for halvsystera Lea, ville boka ha vore eit langt gjesp.
Duun har nok kjent eit ansvar for å fullføre forteljinga om liva i Stavsund. Det har gått på kostnad av intensitet og nerve, for det er jo grenser for kva ein kan få til med ein deterministisk handlefridom. Dei får ein ny start, men den er ikkje fortent!
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
1 kommentar »
I andre bok i Ragnhild-trilogien, må Ragnhild bøte for drapet på svigerfaren Didrik. Husbonden Håkon har ikkje kontakt med henne medan ho soner i fengsel, og då ho kjem ut jagar han henne frå Stavsund. Svigermor Tale legg ut for å finne henne, slik at ho kan redde sonen, sonesonen og garden deira.
Sjøl om boka heiter Ragnhild, synast eg den handlar mest om kva som skjer med familien i hennar nærleik og fråvær. Håkon ser ikkje kva kona har gjort for honom, og byrjar å bli lik faren sin. Øksedrapet verkar meiningslaust. Sonen Hallvard er i opprørstrong og manglar nokon som setjar grenser.
Det tar ei stund før boka kjem i gang. Innimellom krydrar Duun forteljinga med von, humor og spenning. Svigermor Tale filosoferer over livet som trønder og gardkjerring på reisa sørover. Ho døyr, men finn Ragnhild. Hallvard blir skremd på flukt, og Ragnhild innser at ho må samarbeide med Håkon, for å få att sonen og livet.
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
1 kommentar »
Då 37-årige Toru Watanabe høyrer «Norwegian Wood», ser han attende på livet i Tokyo på slutten av 60-talet. Det er då dei mest gjennomgripande omveltingane i livet hans skjer, han byrjar å studere, flyttar heimafrå, får nye vener og mister gamle. Han utviklar nært venskap til Naoko og Midori, to totalt forskjellige jenter.
Toru er ein lågmælt gut som påstår at han ikkje har nokon talentar. Likevel får han andre til å kjenne seg vel i sitt selskap. Ein av dei beste scenane er då han får faren til Midori til å ete agurk i soyasaus. Eg vil ha meir av Toru og vite kven han er!
Murakami gjer karakterane sine universelle på ein utmerkt måte. Dei er ikkje typiske japanske, men ungdomar som strir med vanlege problem som meistring, kjærleik, sex, venskap, kjensler, sakn og død. Ettersom hovudpersonen elskar vestlig pop-kultur, har vi dei same referanserammene, utan at det verkar overdrive. Boka kan lesast på fleire måtar: som ein tragisk kjærleikshistorie, ei bli-vaksen-bok, eit erotisk eventyr eller ein hyllest til 60-talet. Uansett; det handlar om livet, døden og kjærleiken.
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
Ingen kommentarer »
|
Siste kommentarer