«Norwegian Wood» (1987) av Haruki Murakami

norwegian wood Då 37-årige Toru Watanabe høyrer «Norwegian Wood», ser han attende på livet i Tokyo på slutten av 60-talet. Det er då dei mest gjennomgripande omveltingane i livet hans skjer, han byrjar å studere, flyttar heimafrå, får nye vener og mister gamle. Han utviklar nært venskap til Naoko og Midori, to totalt forskjellige jenter.

Toru er ein lågmælt gut som påstår at han ikkje har nokon talentar. Likevel får han andre til å kjenne seg vel i sitt selskap. Ein av dei beste scenane er då han får faren til Midori til å ete agurk i soyasaus. Eg vil ha meir av Toru og vite kven han er!

Murakami gjer karakterane sine universelle på ein utmerkt måte. Dei er ikkje typiske japanske, men ungdomar som strir med vanlege problem som meistring, kjærleik, sex, venskap, kjensler, sakn og død. Ettersom hovudpersonen elskar vestlig pop-kultur, har vi dei same referanserammene, utan at det verkar overdrive. Boka kan lesast på fleire måtar: som ein tragisk kjærleikshistorie, ei bli-vaksen-bok, eit erotisk eventyr eller ein hyllest til 60-talet. Uansett; det handlar om livet, døden og kjærleiken.

Mi leseoppleving:terningkast 5

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *