Ellens tråd i veven

«Den onde viljen» (2008) av Karin Fossum

11. oktober 2009 23:13

Den onde viljen Barndomsvenene Jon, Alex og Philip drar på hyttetur til Dødvannet. Då dei er i båt på vatnet, hoppar ein av dei over bord, medan dei andre ikkje gjer noko for å unngå det. Sejer og Skarre er sat på saken, og får ekstra mykje å gjere då dei finn eit til lik i eit vatn i nærleiken. Fins det ein samanheng, kva er linken, kva slags brotsverk er gjort, og kven er eigentlig den skuldige?

Som lesar får eg vera med gjengen frå starten av, og veit med ein gong at noko skurrar. Dei har ein eller anna løyndom saman, som er så stor at dei ikkje kan forklara politiet kva som eigentleg har skjedd då ein av dei druknar. Sjølv om dette er den niande romanen om politietterforskaren Sejer, gjer han veldig lite av seg. Her er det Jon, Alex og Philip som har ordet.

Eg synast at ugjerninga som er gjort kan vanskeleg måle seg med etterspelet. Sidan me veit kven dei skuldige er, så burde Fossum ha briljert meir rundt plottet. Ho er ein meister til å skildre menneskesinnet, men ho kunne ha gjort meir ut av dei knapt 200 sidene.

Mi leseoppleving:terningkast 4

Et svar til “«Den onde viljen» (2008) av Karin Fossum”

[...] og har komen i ein stim der lesaren får vite kven den skuldige er frå fyrste stund: «Den onde viljen», «Varsleren» og no «Drapet …». Motiva er forskjellige, men hovudpersonane er like i at [...]

Vil du kommentere?