«Ingen må vite» (2008) av Aina Basso

ingen_ma_vite Ingeborg er 14 år i 1734. Ho lev saman med mora, halvbroren Peder og stefaren Gabriel på ein gård i ei kystbygd i Noreg. Då mora vert tilkalla ved barnefødslar, forgrip stefaren seg på Ingeborg. Utan sjanse til å kunne fortelja om løyndomen til nokon, får ho ei ny von da ho treff husmannsguten Mikkel.

Debutromanen til Aina Basso ber preg av hennar masteroppgåve i historie med vekt på seksuelle brotsverk på 1700-talet. Indirekte skriv ho korleis lovtekstane oppstår og kva slags konsekvensar det får for kvardagsmenneske på ein poetisk måte. Kapitla er ikkje på meir enn ei og ei halv side, setningane er knappe og skildrar kjende og nære kjensler.

Eg ser mange likskapstrekk mellom Ingeborg og Tora frå «Huset med den blinde glassveranda» av Wassmo. Båe stefedrane forgrip seg då mødrene jobbar på kvelden og natta. Dei er funksjonshemma, den eine har ei skada skulder, den andre er halt. Båe jentene lengtar etter deira døde, biologiske fedre og drøymer om korleis tilvære kunne ha vert annleis. Dette viser at problematikken rundt blodskam var aktuell på 1700-talet, på 1900-talet, og skapar framleis engasjement og sinne i dag og.

Mi leseoppleving:terningkast 5

One thought on “«Ingen må vite» (2008) av Aina Basso

  1. hei. eg har lest boka eg og. eg må seie at denne boka er ein av dei beste bøkene eg har lest. aina basso er ein fantastisk forfatter.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *