«Frankenstein» (1818) av Mary Shelley

FrankensteinUnge doktor Victor Frankenstein er forgjord etter kjemi og alkymi. Han er drive av det teknologiske imperativ, trass i åtvaringane frå lærarane sine som ser mot opplysningstida. Då han skaper liv av restar frå menneskelege lik og elektrisitet, står han ovanfor eit etisk dilemma; kan skaparen krevje noko frå sitt produkt, eller er han i gjeld til det han skapte?

Fire menneske veddar om kven som kan skrive den beste skrekkhistoria etter ein keisam og regnfull dag. To av dei fullførar veddemålet, og Shelley sitt bidrag er «Frankenstein – eller den moderne Prometevs». Den reknast for den fyrste science fictionhistoria, sidan ho er den fyrste til å kombinerer teknologi og vitskap med det som kan bli mogeleg i framtida.

Shelley levde i ei tid då industrialiseringa skaut fart og ein var skeptisk til snøggleiken og nyvinningane. I dag er me skeptiske til genteknologi og miljøet – og me står ovanfor dei same problemstillingane. Dette er ei bok me framleis kan grøsse og tenkje litt over.

Mi leseoppleving:terningkast 5

3 thoughts on “«Frankenstein» (1818) av Mary Shelley

  1. Så bra! Har ikkje kome så langt i den, men synest det er artig å lese om Kreta, der eg ferierte i sommar :)

  2. Pingback: Ellens tråd i veven » Bloggarkiv » Leseåret 2009

Legg igjen et svar

Din e-post vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>