Å brette tulipanar
2. november 2009 23:51Eg har lært å brette tulipanar av ei dame frå Tsjetsjenia, og må berre notere meg ned framgangsmåten for å hugse den seinare. Ta eit farga A4 ark:

1. Brett langsmed diagonalen, klipp av det som er til overs.

2. Brett ut att, slik at arket dannar eit kvadrat.

3. Brett langsmed den motsette diagonalen.

4. Brett ut att, snu arket og brett det på tvers.

5. Trykk inn det siste bretten på sidene, slik at arket dannar ein trekant.

6. Lyft opp den lengste fliken på den eine sida, og brett den inn til midten av trekanten.

7. Gjer det same på andre sida.

8. Snu trekanten og gjenta nr. 6.

9. Gjenta nr. 7.

10. Brett høgre hjørne mot venstre slik at glattsida er opp. Snu og gjenta det same på andre sida.

11. Ha glattsida opp, ta tak i høgre og venstre hjørne og tre dei inn i kvarandre så langt dei går, samtidig som dei dannar eit kremmarhus. Trykk det flatt.

12. Snu og gjenta nr. 11

13. Klem på papiret slik at holet blir synleg på toppen.

14. Bles luft inn i holet, slik at papiret utvidar seg.

15. Brett halvvegs ned dei yttarste trekantane.

16. Slik.

17. Bruk papiret som vart til overs og brett det på langs til ein stilk som passar til holet.

18. Ein vakker tulipan frå Tsjetsjenia!
Kategorier: Kunst og håndverk
1 kommentar »




Et svar til “Å brette tulipanar”
For en utrolig fin tulipan. Skal vise fremgangsmåten til mannen min, og så kanskje jeg får en bukett slike en dag
Takk for oppskrifta!
Vil du kommentere?