Analysere, definere, kategorisere

Dette bør eg kunne:

Adjungering:
Tilføying av t.d. ein frase til ein annan frase ved at kategorien til den siste frasen blir «fordobla». Ein PP kan t.d. adjungerast til VP ved at ein lagar ein ny VP-kategori som omfattar både den gamle VP-kategorien og PP-en.

Adledd:
Ein frase som er ein del av ein overordna frase, og som dermed blir sagd å modifisere kjernen i den overordna frasen. Også kalle modifikator.

Adverbiale setningar:
Undersetning med ein adverbiell subjunksjon i den inste perifere posisjonen (S’).

Affiks:
Bunden morf som ikkje realiserer eit leksem. Dei vanlegaste typane i norsk er prefiks, suffiks og fugeaffiks, men cirkumfiks, interfiks og transfiks er også nemnde hos somme forfattarar.

Agglutinerande språk:
Språk som er kjenneteikna ved ein ordstruktur der eit leksem er etterfølgt av fleire obligatorisk bundne morfar, og der kvar av desse realiserer eitt enkelt morfem.

Allomorf:
To morfar er allomorfar av same morfem dersom dei realiserer same innhald og står i komplementær distribusjon.

Analytisk språk:
Språk der dei fleste ordformer består av ein enkelt morf. Analytiske språk har lite morfologi, grammatiske forhold blir uttrykte ved hjelp av sjølvstendige grammatiske ord (funksjonsord), og dei har relativt fast ordstilling.

Andrespråk (S2):
Eit språk som ein person lærer seg i tillegg til morsmålet sitt. Om ein person har lært seg eitt eller to eller fleire språk i tillegg til morsmålet sitt, blir alle rekna som denne personen sitt andrespråk.

Andrespråksinnlærar:
Ein person som er i ferd med å lære eller tileigne seg eit andrespråk (eller som har gjort det).

Andrespråksinnlæring:
Det å lære eller tileigne seg eit andrespråk.

At-setning:
Undersetning med subjunksjonen «at» i den inste posisjonen.

Auxilium (AUX):
Funksjonskategorien som hjelpeverb tilhøyrer.

Avleiing:
Også kalla derivasjon. Morfologisk prosess der avleiingsaffiks blir lagde til ei rot. Avleiingsaffiksa er m.a. Kjenneteikna av at dei a) dannar nye leksem og b) kan endre ordklasse. Døme: fri+het>frihet.

Binær struktur:
Struktur der kvar knute forgreinar seg i maksimum to greiner.

Bunde element:
Morfologisk element (ofte om ein morf) som ikkje kan stå som ord åleine.

Bøying:
Også kalla infleksjon. Morfologisk prosess der ein legg bøyingsaffiks til eit ord og får ei ordform som resultat. Bøyingsaffiks resulterer altså vanlegvis i nye ordformer, ikkje nye leksem, og dei endrar ikkje ordklasse på orda dei blir lagde til.

Bøyingsform:
Også kalla ordform. Form av ord som i tillegg til eventuelle avleiingsendingar også inneheld bøyingsendingar. Døme: rød+het+en, der +en er bøyingsending.

Bøyingsklasse:
Eit klassifiseringsprinsipp brukt for å gruppere ord (for norsk: substantiv og verb) i paradigme/klassar ut frå kva bøyingsendingar dei ulike leksema krev.

Derivasjon (morfologisk):
Sjå avleiing.

Derivasjon (syntaktisk):
Det å omforme ein struktur til ein annan struktur, som når djupstrukturen av ei setning vlir omforma til ein overflatestruktur av same setning. Ein seier da at overflatestrukturen blir avleidd eller derivert frå djupstrukturen.

Det»-innsetjing:
Regel som set inn det formelle subjektet «det» på ein tom subjektsplass.

Direkte objekt (DO):
Ikkje-verbal funksjonskategori med kononisk posisjon rett etter hovudverbet (i ei setning utan indirekte objekt).

Djupstruktur:
Den felles underliggjande strukturen som setningar som er i slekt med kvarandre, er deriverte frå.

«Do»-support:
Syntaktisk regel i engelsk som set inn hjelpeverbet «do» som eit «støtteverb» i visse konstruksjonstypar, t.d. I engelske ja/nei-spørsmål som ikkje innehel eit annaa hjelpeverb. Did you see this?

Ekstraponering:
Ein prosess som omplasserer eller flyttar eit ledd frå den kanoniske posisjonen det måtte ha inne i setninga, til ein posisjon legst (eller langt) til høgre i setninga. Det er normalt «tunge» eller komplekse ledd som blir ekstraponerte. Døme: «De sjøsatte for to timer siden en båt med navnet Esmeralda». Her er det direkte objektet ekstraponert.

Endosentrisk:
Ein endosetnisk konstruksjon består av ein kjerne og ei eller fleire utfyllingar/modifikatorar.

Fellesallomorf:
Også kalla portmanteau-allomorf. Ein allomorf som representerer to ulike morfem samtidig: Døme: husa, der +a representerer både morfemet {bestemt} og {fleirtal}.

Feltskjemaanalyse:
Måte å systematisere eller analysere leddstillingsfenomen på som vart utvikla av den danske grammatikaren Paul Diderichsen i 1940-åra. Feltskjemaanalyse eller setningsskjemaanalyse er den analysen av leddstillingsstruktur som tradisjonelt har vore brukt innanfor nordisk språkvitenskap i etterkrigstida.

Finitt verb:
Det verbet i ein verbsekvens som står i presens eller preteritum, og imperativforma av verbet. Kvar finitt setning inneheld eitt og verre eitt finitt verb, og det finitte verbet står alltid først i verbsekvensen.

Flekterande språk:
Også kalla fusjonerande språk. Om språk som inneheld bundne morfar på ein slik måte at det ikkje er noko ein-til-ein-forhold mellom morf og morfem. Slike språk er karakteriserte ved at eit morfem kan ha fleire allomorfar, og nullmorfar og fellesallomorfar er nokså utbreidd.

Formanalyse:
Syntaktisk analyse av ei setning eller eit ledd der ein bestemmer kva formkategori (NP, VP, AP etc.) dei ulike setningsledda tilhøyrer, og der ein også spesifiserer den interne frasestrukturen til kvart enkelt ledd. Ein formanalyse blir bygd opp med utgangspunkt i ordklassekategoriane til orda som setninga eller leddet består av.

Formelt subjekt:
Eit subjekt som ikkje har semantisk innhald eller viser til noko i verda, men som står i subjektsposisjonen som ein rein formell plasshaldar. Eit formelt subjekt blir aldri tilordna ei semantisk rolle. Døme: «Det» i Det kom et spøkelse mot oss.

Forteljande setningar:
Hovudsetningstype som i tillegg til verbflytting til den inste perifere posisjonen også har flytting av eit ledd (ikkje kv-frase) til den ytste perifere posisjonen. Døme: I dag har vi rodd til neset.

Frase:
Ei syntaktisk eining som er større enn ordet, men mindre enn setninga. Eit setningsledd er alltid ein frase, men ein frase kan også vere del av eit ledd. Ein snakkar vanlegvis om frasar i samband med formanalysen. NB: Ein frase kan bestå av eitt enkelt ord.

Fritt element:
Morfologisk element (ofte som ein morf) som kan stå som ord åleine.

Fugeaffiks:
Også kalla bindeaffiks. Affiks som bind to røter saman. Blir vanlegvis verken rekna som bøyningsaffiks eller avleiingsaffiks.

Funksjonsanalyse:
Syntaktisk analyse der ein bestemmer kva funksjonskategori (subjekt, predikat, setningsadverbial, direkte objekt etc.) dei ulike setningsledda tilhøyrer.

Funksjonsmønster:
Det mønster som blir danna av samanstillinga av funskjonskategoriar som ein finn i ei gitt setning, t.d. SU + VBL, SU + VBL + DO eller SU + VBL + IO +DO. Dei aller fleste setningar kan innpassast i ett av nokre få typiske funksjonsmønster.

Førstespråk (S1):
Morsmålet til ein person, dvs. Det språket ein lærer først.

Generativ syntaks:
Syntaktisk retning som har sitt opphav i arbeid som den amerikanske språkforskaren Noam Chomsky begynte på 1950-talet. Orientert mot det å beskrive den delvis medfødde grammatiske kompetansen som finst i sinnet til språkbrukaren. I ei generativ grammatisk framstilling blir det lagt vekt på å vise at dei ulike syntaktiske fenomena og konstruksjonane er integrerte i eit einskapleg system.

Heilsetning:
Funksjonelt definert, ei setning som fungerer som ytring åleine. Døme: «Jeg er for nervøs», «At du vil ha fløte i kaffen»!

Hovudsetning:
Setning med verbflytting til den inste perifere posisjonen.

Hypotese om minimale tre:
Ein hypotese om andrespråksinnlæring som går ut på at andrespråksinnlæraren utviklar grammatikken til det nye mellomspråket gradvis. I den første fasen overfører innlæraren VP-strukturen og den grunnleggjande S-en i morsmålet til det nye mellomspråket, men resten av strukturen utviklar seg deretter gradvis berre på basis av stimuli frå målspråket.

Imperativsetningar:
Hovudsetningstype som har to spesielle eigenskapar: Det finitte verbet har ikkje tempus, men står i imperativforma (som vanlegvis er identisk med verbstammen), og subjektet er normalt ikkje uttrykt. Også kalla bydesetningar. Døme: Kast denne silda!

Indirekte objekt (IO):
Ikkje-verbal funksjonskategori med kanonisk posisjon mellom hovudverbet og det direkte objektet.

Infinitivssetningar:
Undersetning med subjunksjonen å i den inste perifere posisjonen. Ei infinitivssetning har ikkje finitt verb og subjektet er PRO.

Innhaldssubjekt:
Eit subjekt som har semantisk innhald og/eller viser til noko i verda, til forskjell frå eit formelt subjekt. Eit innhaldssubjekt blir tilordna ei semantisk rolle.

Interferens:
Brukt (opphaveleg) i behavioristisk læringsteori om transfer/overføring frå morsmålet som påverkar andrespråket til innlæraren.

Inversjon:
Det er det finitte verbet og subjektet byter plass. Inversjon blir i «Grammatikk» av Åfarli og Sakshaug analysert som flytting av verbet forbi subjektet. Døme: I setninga «Om to timer kommer Ola med fisk til oss» viser det finitte verbet «kommer» og «Ola» invertert leddstilling.

Isolerande språk:
Språk der dei fleste ordformer består av ein enkelt morf. Slike språk har få eller ingen bundne morfar, fordi alle morfar kan stå åleine som ord.

Ja/nei-spørsmål:
Hovudsetningstype som blir laga ved hjelp av verbflytting til den inste perifere posisjonen, og utan at den ytste perifere posisjonen blir fylt. Fungerer som ei spørjesetning som normalt krev svaret «ja» eller «nei». Døme: Har du kjøpt avisa?

Kanonisk posisjon:
Den faste definerte posisjonen i djupstrukturen som er reservert for alle ledd som tilhøyrer ein gitt funksjonskategori.

Kjerne:
Det sentrale ordet i ein frase, dvs. Det ordet som bestemmer distribusjonen til frasen og kva formkategori frasen tilhøyrer.

Klitisering:
Det at eit ord som ikkje har trykk, knyter seg til eit anna ord (vertsord) med trykk. I norsk manglar personlege pronomen ofte trykk, og dei må derfor klitiserast til eit vertsord. Det klitiserte pronomenet opptrer ofte i fonetisk redusert form.

Knute:
Eit forgreiningspunkt i ein trestruktur. I ein treanalyse blir kategorinamna knytte til knutane

Komplement:
Postmodifikator som står som direkte utfylling til ein kjerne.|

Kongruens:
Samsvar t.d. m.o.t genus (kjønn) og numerus (tal) mellom t.d. NP og AP eller mellom premodifiserande AP og N. Døme: Huset er grønt; et grønt hus.

Konversjon:
Også kalla nullavleiing. Endring av ordklassetilhøyrsla til eit ord utan at endringa er realisert av eit affiks.

Kritisk periode:
Den perioden i livet til eit menneske da vedkommande er spesielt mottakeleg for å lære språk. Den kritiske perioden blir rekna å omfatte dei første leveåra. Det er sterkt omdiskutert kor lenge perioden varer, men mange reknar med at den varer til 10-12-årsalderen.

Kumulativ endring:
Realisering av fleire morfem ved hjelp av ein enkelt morf. Ofte brukt synonymt med portmanteau-morf og fellesmorf.

Kv-spørsmål:
Setning (hovudsetning eller undersetning) der frasen som er flytta til den ytste perifere posisjonen, er ein spørjefrase, dvs. Kv-frase. Blir også kalla spørsmål med spørjefrase. Døme: «Hvilke kanoner skal dere bruke?»

Landingsplass:
Ein plass eller posisjon i det generelle frasestrukturskjemaet som er tom på djupstrukturnivået, men som element kan bli flytta til eller sette inn på i løpet av derivasjonen. Det generelle frasestrukturskjemaet har to førehandsspesifiserte landingsplassar, ein for verbflytting og subjunksjonsinnsetjing (den inste perifere posisjonen i setninga) og ein for tematisering (den ytste perifere posisjonen i setninga.)

Leddsetning:
Funksjonelt definert, ei setning som ikkje fungerer som ytring åleine, men som står som ledd eller leddel i ei anna setning. Døme: «at du vil ha fløte i kaffen» i «Jeg innser nå at du vil ha fløte i kaffen».

Læringsløype:
Gradvis læring/meistring av eit språkleg fenomen, som typisk kjem til uttrykk gjennom ei rekkje overgangsformer i fleire stadium, på vegen mot målspråkets struktur for det aktuelle språkfenomenet.

Mellomspråk:
Den varianten av målspråket som ein andrespråkinnlærar utviklar. Mellomspråket er andrespråkinnkæraren sin «versjon» av det nye språket som vedkommande er i ferd med å lære seg. Mellomspråket til ein gitt innlærar går typisk gjennom fleire stadium.

Modifikator:
Ein frase som er ein del av ein overordna frase, og som dermed blir sagd å modifisere kjernen i den overordna frasen. Også kalla adledd.

Morf:
Realisasjonen av eit morfem. Konstituent (del) av eit ord.

Morfem:
Minste tydingsberande element i språk.

Morfologisk kategori:
Samlenemning for ei gruppe eller ein klasse av morfologiske trekk. Morfologiske trekk er dermed medlemmer i ein morfologisk kategori. Døme: {presens} og {preteritum} er trekka som dannar kategorien tempus i norsk.

Målspråk:
Det språket ein andrespråkinnlærar prøver å lære seg. Det språket som det er målet at ein skal kunne.

Normalstruktur:
Ei setning som har ein overflatestruktur der subjektet kjem først, og der alle ledda står på sine umarkerte plassar. Det er ikkje slik at setningar med normalstruktur er meir normale enn andre setningar i den forstand at dei førekjem oftare i språket, eller at dei høyrest meir normale ut for den vanlege språkbrukaren.

Nullallomorf:
Allomorf som ikkje er morfologisk realisert. Døme: «tre» i tydinga ubunden form fleirtal av {tre}, analysert som {tre} + {fleirtal}, sjølv om {fleirtal} ikkje er realisert av ei separat ending.

Objektspredikativ (DOP):
Ikkje-verbal funksjonskategori som står til eit direkte objekt. Eit objektspredikativ viser til ein eigenskap som karakteriserer eller blir utsagd om den eller det som det direkte objektet viser til.

Om-setning:
Undersetning med subjunksjonen «om» i den inste perifere posisjonen.

Overflatestruktur:
Struktur derivert frå ein djupstruktur ved hjelp av flyttingsreglar og/eller innsetjingsreglar.

Parameter:
Ein parameter er noko som kan ha ulike verdiar, t.d. Kan trafikklys lyse grønt, raudt eller gult. I generativ grammatikk brukar ein termen om bestemte grammatiske eigenskapar som ein meiner kan variere mellom språk, t.d. Om det direkte objektet står til høgre eller til venstre for verbet i djupstrukturen, eller om det finitte verbet flyttar ut av VO eller ikkje i løpet av derivasjonen.

Perifrastisk passiv:
Passivsetning der passiv (i norsk) blir uttrykt ved hjelp av eit hovudverb i perfektum partisipp og eit finitt hjelpeverb. Døme: «Dørene blir åpnet om et øyeblikk.»

Polysyntetisk språk:
Språk med mykje morfologisk struktur, i form av ein høg konsentrasjon av bundne morfar.

Postmodifikator:
Ein modifikator som står til høgre for kjernen.

Predikat (PRED):
Verbal funksjonskategori som dannar ei setning saman med eit subjekt.

Predikatsadverbial (PA):
Ikkje-verbal funskjonskategori med kanonisk posisjon langt eller lengst til høgre i predikatet. Viser typisk til tid, stad, årsak, måte etc.

Prefiks:
Affiks som står lineært framfor rota det står til. Døme: mis+ i mislike er eit avleiingsprefiks.

Premodifikator:
Ein modifikator som står til venstre for kjernen.

Presentering:
Det å introdusere ein ny referent i ein samtale eller ein tekst ved bruk av ei presenteringssetning, t.d: «Det står ei flaske på bordet.»

Presenteringsverb:
Eit hovudverb som ikkje tilordnar ei semantisk rolle til subjektet i setninga som det førekjem i. Djupstrukturen til ei setning der hovudverbet er eit presenteringsverb, har derfor tom subjektsposisjon. Presenteringsverb blir også kalla ergative verb.

PRO:
Det uuttrykte subjektet som førekjem i infinitivssetningar og imperativssetningar. Kan oppfattast som eit fonetisk urealisert pronomen.

Produktiv:
Ein morfologisk prosess er produktiv dersom den kan brukast til å danne nye ordformer i eit språk. Døme: Avleiingssuffikset +bar er produktivt fordi det er muleg å danne potensielt nye adjektiv frå verb med dette suffikset, som brukbar, gjørbar og ferdigstillbar.

Projeksjonsline:
Greina frå kjernen til ein frase og opp til sjølve frasekategorien. I t.d. Ein nomenfrase vil ordnivåkategorien N projisere opp til frasenivåkategorien NP, og greina frå N til NP er ei projeksjonsline. Det inneber at dei nominale eigenskapane til nomenet blir projiserte eller overførte til heile frasen slik at heile frasen får nominale eigenskapar.

Pseudopassiv:
Passivsetning der ein NP som i djupstrukturen står som utfylling til ein preposisjon, blir flytta til subjektsplassen, som i «Hunden ble gått tur med.»

Relativsetningar:
Undersetning som står ril eit korrelat, der korrelatet er relatert til ein underforstått posisjon inne i sjølve relativsetninga. Døme: «som barna likte best» i «Vi kjøpte de filmene som barna likte best». Her er «de filmene» korrelat, og dette korrelatet er underforstått som objekt for «likte». Relativsetningar blir inndelte i restriktive (eller nødvendige) og ikkje-restriktive (eller unødvendige). Dømet ovanfor viser ei restriktiv relativsetning.

Rot:
Del av ei ordform som er att når alle bøyings- og avleiingsaffiks er tatt vekk. Døme: «raud» i «raudlege».

Samanlikningssetningar:
Også kalla komparativsetningar. Setningar som formelt delvis liknar relativsetningar, og der ein eigenskap e.l. Blir samanlikna med ein annan. Døme: «som sirup (smiler)» i «Du smiler like søtt som sirup (smiler)» eller «enn ein falk (har)» i «Du har skarpare blikk enn ein falk (har)».

Samansetning:
Eit leksem som er laga ved samansetjing av to andre leksem. Døme: «raudvin» er eit leksem sett saman av leksema «raud» og «vin». Også brukt om ein ordlagingsprosess som også blir kalla komposisjon.

Semantiske roller:
Eit gitt valensbunde deltakande element kan seiast å ha ei bestemt semantisk rolle. Det kan vere nyttig å sjå på valens som tilordning av semantiske roller, og ein seier gjerne at verbet tilordnar dei og deil rollene, sjølv om det strengt tatt er det verbale omgrepet som tilordnar rollene. Døme på semantiske roller er agens, patiens og benefisient.

Setningsadverbial (SA):
Ikkje-verbal funksjonskategori med kanonisk posisjon mellom subjektet og (det første) verbet (dersom verbet ikkje har flytta). Kan også stå kanonisk til venstre for subjektet. Viser ofte til haldningar som den snakkande måtte ha i høve til innhaldet i setninga, men kan også vise til tid, stad etc.

Setningsledd:
Ord eller ordgrupper som kan tematiserast som ei samla eining, og som elles dannar ein hovudkonstituent i setninga.

Småsetningar:
Ikkje-finitt setning utan perifere posisjonar. Døme: «hunden knurre» i «de hørte hunden knurre». Det er vanleg å rekne med at det finst fleire typar småsetningar, men i boka «Grammatikk» av Åfarli og Sakshaug diskuterer ein berre verbale småsetningar av den typen som er gitt i dømet ovanfor.

SOV-språk:
Ein term i språktypologien som viser til språk som har leddstillinga subjekt + objekt + hovudverb/verbal i normalstrukturen. Døme er tyrkisk og japansk.

S-passiv:
Passivsetning der passiv blir uttrykt ved hjelp av den refleksive forma av hovudverbet. Døme: «Dørene åpnes om et øyeblikk».

Spor:
Den tomme posisjonen som oppstår når eit element blir flytta. Vanlegvis markert med bokstaven «t». Dersom t.d. Eit objekt blir tematisert, blir det lagt igjen eit spor i den kanoniske objektsposisjonen.

Stamme:
Består av ei rot pluss eventuelle avleiingsaffiks, men ikkje bøyingsaffiks. Døme: både «kjær» og «kjærleik» er stammar, men «kjærleiken» inneheld også eit bøyingsaffiks, og da er det ikkje lenger ein stamme, men ei ordform.

Subjekt (SU):
Ikkje-verbal funksjonskategori som dannar ei setning saman med eit predikat.

Subjektspredikativ (SUP):
Ikkje-verbal funksjonskategori som typisk dannar ei setning saman med eit usjølvstendig verb og eit subjekt. Eit subjektspredikativ viser til ein eigenskap som karakteriserer eller blir utsagd om den eller det som subjektet viser til. I tillegg til subjektspredikativ ved usjølvstendige verb finst det også fritt subjektspredikativ.

Subjunksjonsinnsetjing:
Innsetjingsregel som set inn ein subjunksjon i den inste perifere posisjonen i setninga, slik at undersetningar kan blir genererte.

Suffiks:
Eit affiks som står lineært etter rota det står til. Døme: +dom i manndom er eit avleiingssuffiks, +e i raude er eit bøyningssuffiks.

SVO-språk:
Ein term i språktypologien som viser til språk som har leddstillinga subjekt + hovudverb/verbal + objekt i normalstrukturen. Døme er norsk, engelsk og vietnamesisk.

Syntetisk språk:
Syntetiske språk har relativt mykje morfologi, uttrykkjer grammatiske forhold ved hjelp av morfologiske element og har relativt fri ordstilling.

Særskriving:
Blir brukt m.a. om tendensen til å skrive samansetjingar som to ord utan bindestrek.

Tematisering:
Ein regel som flyttar eit ledd til første plass i setninga, dvs. til den ytste perifere posisjonen. Ofte inneber tematisering framflytting av eit ledd som i normalstrukturen har sin kanoniske posisjon inne i setninga. Døme: I setninga «om to timer kommer Ola med fisk til oss» er «om to timer» tematisert.

Tempus:
Den formelle tidsmarkeringa på eit finitt verb; i norsk er tempus anten presens eller preteritum. Det er alltid berre det første verbet i ein verbsekvens som har tempus.

Transfer:
Transfer tyder overføring og viser til at ein andrespråkinnlærar overfører visse element i morsmålet sitt til det nye språket vedkommande er i ferd med å lære seg. Det medfører at mellomspråket vil kunne innehalde spor etter morsmålet til andrespråksinnlæraren.

Transitivitet:
Syntaktisk eigenskap ved verb som seier om verbet har eit syntaktisk uttrykt objekt eller ikkje. Eit verb utan objekt er intransitivt, eit verb med objekt er transitivt, og eit verb med to objekt (indirekte og direkte objekt) er ditransitivt.

Trediagram:
Framstilling av ein syntaktisk analyse ved hjelp av den som metaforisk kan oppfattast som eit omsnudd tre med rota på toppen og r\greiner nedover. Også kalla trestruktur eller treanalyse.

Undersetning:
Setning utan verbflytting til den inste perifere posisjonen.

Universell grammatikk (UG):
I generativ grammatikk det medfødde «grammatikkskjelettet» som ein reknar med er felles for alle barn som blir fødde. UG fungerer som ei «ramme» for språkinnlæringa, om det no er førstespråk eller andrespråk det dreier seg om.

Upersonleg passiv:
Passivsetning der subjektet er eit formelt subjekt. Upersonleg passiv er m.a.o. Ein type upersonlege setningar. Døme: «Det ble sett et spøkelse».

Upersonlege setningar:
Setningar der subjektet er eit formelt subjekt. Døme: «Det kom et spøkelse mot oss».

Utfylling:
I vid bruk det same som modifikator, som oftast brukt som ein postmodifikator. Også brukt i den smalare tydinga komplement.

V2:
Det syntaktiske fenomenet at det finitte verbet i ei setning må stå som andre konstituent i ei forteljande hovudsetning. Norsk og tysk er t.d. V2-språk, medan engelsk ikkje er det.

Valens:
Semantisk eigenskap først og fremst ved verb. Valensen viset til det setten av deltakande element eller aktørar som eit verbalt omgrep typisk ber i seg eller impliserer. Ein kan dele verba inn i nullverdige, einverdige, toverdige eller treverdige.

Valensbundne ledd:
Dei ledda rundt verbet som viser til deltakarar som får ei semantisk rolle frå det verbale omgrepet.

Valensfrie ledd:
Ledd som viser til deltakarar som ikkje er impliserte av det verbale omgrepet.

Verbal (VBL):
Verbal funskjonskategori som utgjer ein essensiell del av predikativet. Ein vid definisjon av termen verbal inkluderer hjelpeverb ved sida av hovudverbet. I boka «Grammatikk» av Åfarli og Sakshaug blir termen berre brukt om den funksjonskategorien som hovudverbet tilhøyrer.

Verbflytting:
Ein regel som flyttar den finitte verbet til posisjonen rett til venstre for subjektet , dvs. Til den inste perifere posisjonen.

Verbflyttingsanalysen:
Ein analyse av leddstilling i denerativ grammatikk der flytting av det finitte verbet står sentralt.

Verbpartikkel:
Eit småord (ofte ein preposisjon) som står inntil verbet og dannar ein eining saman med verbet, men som ikkje fullt ut er ein morfologisk del av verbet. Døme: «av» i «Kari tar-av skoene».

Kjelde: «Grammatikk: Syntaks og morfologi med norsk i sentrum» av Tor A. Åfarli og Laila Sakshaug

5 thoughts on “Analysere, definere, kategorisere

  1. Hei! Jeg går på NTNU og har eksamen i faget NORD1102 i morgen, og vi har den boka der (sammen med flere) som pensum!

    Kom over bloggen din da jeg søkte rundt etter ting som er praktisk å kunne, litt artig!

    Om du har samme eksamenen i morgen, lykke til! 🙂

  2. Hei Marit! Takk for lukkeynskinga 🙂 Eg hadde eksamen i dag i «grammatikk og tekst» som er ein modul i nordisk språk og litteratur på Høgskolen i Bodø. Eg trur det gjekk bra. Lukke til i morgon 🙂

  3. Tusen hjertelig takk, for at du tok deg tid til å poste dette. Jeg setter umåtelig pris på det. Satt her å reiv meg i håret.

    Du er en reddende engel i nøden.

    Tuuuuuuuuusen takk skal du ha!!!! Kan ikke få takket deg nok. Nå forstår jeg mer:)

  4. Tar årsstudium i Norsk/nordisk fra Volda. Arbeider nå med godkjenningsoppgaven til kurset Språket som struktur, og har lett etter ei ordliste som kan være avklarende. Hvor finner jeg den? På bloggen din :-). Verden er ikke stor, asså 😛

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *