Ellens tråd i veven

Arkiv for 'januar, 2010'

Leseåret 2009

27. januar 2010 23:32

Seint, men godt. Eg gjer som Av en annen verden, Karis leseliste og Silje.

Her er mi sjølvmelding:

  • Totalt leste skjønnlitterære bøker: 37 – 0,7 bøker i uka
  • Kvinnelege forfattarar: 16
  • Mannlege forfattarar: 21
  • Bøker av norske forfattarar: 21
  • Forfattaren sin nasjonalitet: 6
  • Bøker på nynorsk: 3
  • Bøker på engelsk: 5
  • Bøker på svensk og dansk: 4
  • Bøker for ungdom: 7
  • Krimbøker: 7

Høgdepunkt:

Vonbrot:

Korleis ser di liste ut?

«Varsleren» (2009) av Karin Fossum

22. januar 2010 0:01

Det idylliske nabolaget blir brått revet opp då foreldra finn spedbarnet deira i ein blodpøl, 70-åringen som finn dødsannonsen hennar i avisa og rullestolbrukaren som blir henta av gravferdsbilen. 17-årige Johnny Beskow keiar seg og står bak desse gutestrekane som etterkvart utviklar seg til å handle om angsten for døden. Det endar med døden, men kven var det som valda situasjonen?

I den siste og tiande boka om Konrad Sejer er Karin Fossum i same sporet som til døme «Den onde viljen» og «Drapet på Harriet Krohn». Ho avslørar tidleg i boka kven som er gjerningsmannen, og deretter vil ho forklare kvifor han har blitt til den han er, og kva som gjorde at det ikkje endte slik det var planlagt. No blir det repetisjon og lite nytenkjande.

Eg liker hennar menneskjekunnskap og evne til å setje seg inn i utenkjelege situasjonar. Likevel klarar ho ikkje å overtyde meg og ha medkjensle for hovudpersonane. Johnny Beskow er ein stakkar utan far og ei alkoholisert mor, men bryr seg om sin pleietrengjande bestefar. Derifrå til utspekulert varslar av samfunnet får eg ikkje til å stemme, og Fossum gjer ikkje noko for å forklare dei sprikande signala ho gjer.

Mi leseoppleving:terningkast 4

«På vegne av venner» av Kristopher Schau

10. januar 2010 13:38

pa_vegne_av_vennerDødsannonsar underteikna «på vegne av vener» har kommunale gravferder, då avdøde ikkje har nokon nære etterlatne att. Kristopher Schau les ein artikkel i Aftenposten om nett det at noko døyr i einsemd og gravleggjast med berre prest og gravferdsagent tilstades. I ei tid med arbeidsløyse set Schau i gang eit prosjekt om at han skal vere der i dei siste 15-20 minuttane dei einsame har på jorda.

Han avtalar med gravferdsbyrå, får melding om tid og stad, og om det er tre eller fleire sørgande, snur han i døra då det ikkje er nødvendig at han deltek. Med notatblokk, fotoapparat og diktafon dokumenterer han omgivnad, salmar, orgelmusikk og tala til presten til 4-5 gravferder. Meir rekk han ikkje i løpet av vinteren og våren 2009. Sjølv om prosjektet skal vare i eit år, avsluttar han det då han får nye jobboppdrag og kjenner stress framfor sorg.

Schau tek opp ei viktig problemstilling om korleis dei einsame har det til sin daud. Eg synast ideen og tanken er gripande, men Schau grip den ikkje heilt. Han slepp den då han er halvvegs, og prosjektet er halvgjort. Det virker som om han ikkje hugsar kvifor han starta det.

Mi leseoppleving:terningkast 4

«Øya» av Victoria Hislop

5. januar 2010 0:29

oyaI si utryggleik over framtida, søkjer engelske Alexis Fielding bakover i mora si ukjende fortid i Hellas. På Kreta fortel venninna til mora om oldemora, bestemora og mora sine sterke historier i fiskarlandsbyen Pláka og den lille øya Spinalónga, Hellas sin største leprakoloni. Deira liv gjer at Alexis får ryggrad og påverkar hennar val.

Victoria Hislop viser i si debutbok ein nær kjennskap om den myteomspunne spedalsksjuka, og skriv både om sjukdommen, kuren og dei kjenslemessige forholda den sjuke og familien må igjennom. Ho vekslar mellom rammeforteljinga og hovudforteljinga, notid og fortid, rein og urein, rik og fattig, inkludert og utstøytt – noko som gjev boka ein spennande progresjon. Likevel treng ikkje forfattaren å la karakterane gjere dei same handlingane så mange gongar, ho kunne ha stolt litt meir på lesaren sin evne til å forstå underliggjande hint og ymt.

Det liggjar jo i korta, men eg blir litt glad i både oldemor Eleni og bestemor Maria. Og neste gong eg er på Kreta, vil eg sjå korleis Spinalónga eigentlig ser ut.

Mi leseoppleving:terningkast 5