Ellens tråd i veven

«Øya» av Victoria Hislop

5. januar 2010 0:29

oyaI si utryggleik over framtida, søkjer engelske Alexis Fielding bakover i mora si ukjende fortid i Hellas. På Kreta fortel venninna til mora om oldemora, bestemora og mora sine sterke historier i fiskarlandsbyen Pláka og den lille øya Spinalónga, Hellas sin største leprakoloni. Deira liv gjer at Alexis får ryggrad og påverkar hennar val.

Victoria Hislop viser i si debutbok ein nær kjennskap om den myteomspunne spedalsksjuka, og skriv både om sjukdommen, kuren og dei kjenslemessige forholda den sjuke og familien må igjennom. Ho vekslar mellom rammeforteljinga og hovudforteljinga, notid og fortid, rein og urein, rik og fattig, inkludert og utstøytt – noko som gjev boka ein spennande progresjon. Likevel treng ikkje forfattaren å la karakterane gjere dei same handlingane så mange gongar, ho kunne ha stolt litt meir på lesaren sin evne til å forstå underliggjande hint og ymt.

Det liggjar jo i korta, men eg blir litt glad i både oldemor Eleni og bestemor Maria. Og neste gong eg er på Kreta, vil eg sjå korleis Spinalónga eigentlig ser ut.

Mi leseoppleving:terningkast 5

Et svar til “«Øya» av Victoria Hislop”

Ellens tråd i veven » Bloggarkiv » Leseåret 2009 sendte en pingback den 27. januar 2010

[...] «Øya»(2007) av Victoria Hislop [...]

Vil du kommentere?