«Varsleren» (2009) av Karin Fossum
22. januar 2010 0:01
Det idylliske nabolaget blir brått revet opp då foreldra finn spedbarnet deira i ein blodpøl, 70-åringen som finn dødsannonsen hennar i avisa og rullestolbrukaren som blir henta av gravferdsbilen. 17-årige Johnny Beskow keiar seg og står bak desse gutestrekane som etterkvart utviklar seg til å handle om angsten for døden. Det endar med døden, men kven var det som valda situasjonen?
I den siste og tiande boka om Konrad Sejer er Karin Fossum i same sporet som til døme «Den onde viljen» og «Drapet på Harriet Krohn». Ho avslørar tidleg i boka kven som er gjerningsmannen, og deretter vil ho forklare kvifor han har blitt til den han er, og kva som gjorde at det ikkje endte slik det var planlagt. No blir det repetisjon og lite nytenkjande.
Eg liker hennar menneskjekunnskap og evne til å setje seg inn i utenkjelege situasjonar. Likevel klarar ho ikkje å overtyde meg og ha medkjensle for hovudpersonane. Johnny Beskow er ein stakkar utan far og ei alkoholisert mor, men bryr seg om sin pleietrengjande bestefar. Derifrå til utspekulert varslar av samfunnet får eg ikkje til å stemme, og Fossum gjer ikkje noko for å forklare dei sprikande signala ho gjer.
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
Ingen kommentarer »




Ingen svar til “«Varsleren» (2009) av Karin Fossum”
Vil du kommentere?