Ellens tråd i veven

Arkiv for 'februar, 2010'

No eller aldri!

28. februar 2010 22:31

Eg har lenge tenkt på å forevige kjernefamilien min av ein profesjonell fotograf, men høve har ikkje bydt seg slik. I fjor fikk eg eit gåvekort på fotografering, og då greip vi sjansen. No er dei ferdige – og vi kjøpte retten til dei alle (om du trykkjer på bilete får du se oss i ein mykje større og finare utgåve):

«Granateplene» (2009) av Sue Monk Kidd og Ann Kidd Taylor

0:00

«En mor-datter historie» er undertittelen. Forfattaren av bl.a. «Bienes hemmelige liv», amerikanske Sue Monk Kidd, reflekterer over sitt liv saman med dottera Ann Kidd Taylor. Sue er i 50-åra, kjenner at overgangsalderen tynger og strever med skrivesperre. Ann er i 20-åra, får avslag på ein jobbsøknad og veit ikkje heilt kva ho skal gjere med livet sitt. Dei legg ut på tre utanlandsreiser i tre forskjellige livsfasar; til Hellas, Tyrkia og Frankrike.

Dei skriv kvart sitt kapittel om deira erfaringar frå reisa. Dette kunne ha vert eit spennande innsyn i korleis to kvinner oppfattar same hending, sidan dei ikkje berre fortel om deira fysiske reise i Europa, men og reisa innover i sjelelivet og attende i tid. Men dei er for like, opptatt av dei same tinga og symbola rundt seg, og har ingen konfliktfylte mor-dotter-oppgjer.

Det startar bra. Eg liker at Sue fortel om korleis «Bienes …» vart til, eg liker reisa til Hellas og eg kjenner meg att i Ann si uvisse om framtida. Likevel – tre reiser med nesten same innhald blir for mykje, for keisamt og for harmonisk.

Mi leseoppleving:terningkast 2

Verdens kuleste 9-åring!

16. februar 2010 17:05

Hurra for Anders som fyller 9 år i dag! Gratulerer med dagen, du er super!

Mamma gratulerer så mye!

Veske til strikketøy – del 2

14. februar 2010 21:29

Eg har tidlegare blogga og sydd ei strikkeveske som egnar seg til arbeid med lestar og vottar. Den romma ikkje større arbeid som genserar og jakker, og dermed var eg like langt – med plastikkposar med hull, og strikkepinnar på avvege. Etter å ha diskutert dette med ein kollega som er mykje meir erfaren på symaskinområdet, vart eg rådd til å sy ei veske etter eit mønster som heiter quiltelaup. Eg har aldri quilta før, og hadde eigentleg ikkje tenkt å byrje med det heller, men no var det inga unnskyldning meir. Her er resultatet:

Restar frå ei olabukse, to sumarkjolar og ei gardin.

Eit kinderegg: gjenbruk, praktisk og fin!

Med innanpålommer.

Mønsteret er laga av AnnAKa (Ann A. Kanstad Johansen) og er overkomeleg :)

Oppvarming til Lost

2. februar 2010 23:16

I dag startar siste sesong med Lost i USA, og ein gong i mars kan vi fylgje den på TVNorge. Det har skjedd mykje sidan 2004 – 5 år og 5 sesongar er ikkje til å kimse av. Som den trufaste Lost-tilhengjaren eg er, har eg skaffa meg den komplette 1-5 på DVD for å friske opp minnet. No har eg sett sesong 1 att, og kan konkludere med at dette er ein av dei beste TV-seriane i verda!

Gler meg til finalen!

Brukbare lenkjer: