«Granateplene» (2009) av Sue Monk Kidd og Ann Kidd Taylor

«En mor-datter historie» er undertittelen. Forfattaren av bl.a. «Bienes hemmelige liv», amerikanske Sue Monk Kidd, reflekterer over sitt liv saman med dottera Ann Kidd Taylor. Sue er i 50-åra, kjenner at overgangsalderen tynger og strever med skrivesperre. Ann er i 20-åra, får avslag på ein jobbsøknad og veit ikkje heilt kva ho skal gjere med livet sitt. Dei legg ut på tre utanlandsreiser i tre forskjellige livsfasar; til Hellas, Tyrkia og Frankrike.

Dei skriv kvart sitt kapittel om deira erfaringar frå reisa. Dette kunne ha vert eit spennande innsyn i korleis to kvinner oppfattar same hending, sidan dei ikkje berre fortel om deira fysiske reise i Europa, men og reisa innover i sjelelivet og attende i tid. Men dei er for like, opptatt av dei same tinga og symbola rundt seg, og har ingen konfliktfylte mor-dotter-oppgjer.

Det startar bra. Eg liker at Sue fortel om korleis «Bienes …» vart til, eg liker reisa til Hellas og eg kjenner meg att i Ann si uvisse om framtida. Likevel – tre reiser med nesten same innhald blir for mykje, for keisamt og for harmonisk.

Mi leseoppleving:terningkast 2

2 thoughts on “«Granateplene» (2009) av Sue Monk Kidd og Ann Kidd Taylor

  1. Hehe, artig sammentreff; Jeg ser at vi har omtrent helt lik oppfatning av boka. Jeg likte også første delen best, men etterhvert klarte jeg bare ikke mer og avbrøt et sted ut i boka når de var på ferie i Frankrike. Standhaftig var du som holdt ut gjennom hele boka 🙂

  2. Ja, det var artig! Var redd det var berre eg som hadde denne oppfatninga 🙂

    Om boka er keisam vekslar eg mellom det å lese minst 50 sider eller heile boka, før eg legg den frå meg. Det finnes så alt for mange gode bøker, til å bruke tid på dårlege. Likevel, det kan jo hende det skjer noko etter dei 50 sidene som snur heile forteljinga. Og så kan eg jo ikkje meine noko om boka visst eg ikkje har lest heile …

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *