Arkiv for 'mars, 2010'«Hudløs himmel» (1986) av Herbjørg Wassmo18. mars 2010 22:40
Om ein har lest dei to fyrste bøkene om Tora, bør ein lese denne siste boka og. Kontrastane og spaltinga blir tydeligare. Til tross for at ho er seksuelt misbrukt av stefaren sin og ser ut til å gå til grunne, er ho skuleflink og har sjanse til å nå langt. Ho vandrar i frå sitt eige sinn over til den meir myndige og erfarne tante Rakel, men ingen kjenner ho att. Det var denne boka eg syntest var mest vanskeleg å lese som ungdom, og eg klarar enno ikkje heilt å vere med inn i det eg tolkar som schizofreni. Det tipper over for Tora då ho mistar haldepunktet sitt, og ho tar ei anna rolle som er ledig. Wassmo set konkrete ord på korleis Tora føler verda kring seg. Det er frykteleg nært, men og ein måte å markere avstand. Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur «Det stumme rommet» (1983) av Herbjørg Wassmo13. mars 2010 22:37
Eg var omtrent like gamal som Tora då eg leste denne fyrste gong. Ho og eg har forandra oss, eg har blitt eldre, Tora har blitt klokare, meir sjølvstendig og rådsnar, men meir forvirra og. Mobbinga av å vere tyskarunge gjer at ho dagdrømmer om å treffe si biologiske bestemor i Tyskland, tanken på dette gjer at ho overlever. Då skjer det katastrofale, som heile boka peiker mot. Språket til Wassmo er fargerikt og levande, ho skildrar den nordnorske naturen og menneskesjela på sitt mest inderlege, sårbare, vakraste og styggaste. På ein utmerkt måte klarer ho å formidle at livet er samansett av kontrastar. Den andre boka i trilogien om Tora forpliktar oss lesarar til å vere med heilt til slutten. Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur «Saman er ein mindre aleine» (2005) av Anna Gavalda10. mars 2010 23:47
Det handlar om å vere annleis og ikkje passe inn i eit funksjonelt samfunnsmønster. Aldrande Paulette byrjar å bli senil og ha sviktande balanse. Franck er ein villstyring i ord og handlingar, forførar kvinner, men er utan fast følgje. Philibert er danna, intelligent, stammar, har OCD og sel postkort. Camille har problem med eting, mora si og leve av det ho eigentleg kan best: kunsten sin. Gavalda skildrar personane på ein slik måte at ein må berre like dei. Ordvalet og setningane, fransk eller nynorsk, dei er utmerkte til situasjonen. Eg observerer korleis aktørane tek del, og eg skulle ynskje eg var ein av dei. Endinga er ein smule lettvint, men tittelen er poesi i seg sjølv. Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur «Drapet på Harriet Krohn» (2004) av Karin Fossum9. mars 2010 22:33
Sejer har ingen uløyste saker bak seg. Som lesar ser eg korleis Charlo fortvila prøver å kome unna garnet som leggjast ut etter han. Likevel klarer han ikkje å vekkje nokon form for sympati hos meg. Kan hende det er det at eg ikkje les bøkene til Fossum i rekkjefølgje, og har komen i ein stim der lesaren får vite kven den skuldige er frå fyrste stund: «Den onde viljen», «Varsleren» og no «Drapet …». Motiva er forskjellige, men hovudpersonane er like i at dei er tafatte og misforståtte. Eg kjenner at eg byrjar å bli lei av å berre sjå i frå mordaren sin synsvinkel. Forfattaren er kjend for å skrive psykologiske krimbøker – det bør ho fortsetje med, men med litt meir nytenking. Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur «Panserhjerte» (2009) av Jo Nesbø3. mars 2010 23:52
I åttande bok om politietterforskar Harry Hole er han aleine, uten ein livsledsagar og med ein døande far. Sliten, uflidd og uoverkommeleg spillegjeld. Han har ingenting å miste og farleg for dei som kryssar vegen hans. No står han i fare for å bli glad i nokon att. Dette er bra. Nesbø struttar av skriveglede, og eg klarer ikkje å leggje boka frå meg. Handlinga er driven framover at jakta på mordaren, men tilbakeslaga blir for langdryge og gjentakande. Med litt meir redigering hadde boka vert ein innertiar. Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur Akkurat nå
Mine siderLenker
Kategorier
|
Siste kommentarer