«Panserhjerte» (2009) av Jo Nesbø

Harry Hole blir henta heim av Kaja Solness frå doptilvære i Hong Kong til Valdsavsnittet ved Oslo politikammer. Skada og medtatt etter «Snømannen» blir han tvungen og utfordra til å løyse ein rekkje drap der dei drepne ikkje har nokon klår samanheng med kvarandre. Nokre av dei blir drepe på den same bisarre måten – kvelt av sitt eige blod. Samstundes skjer det ein maktkamp innover i politiet.

I åttande bok om politietterforskar Harry Hole er han aleine, uten ein livsledsagar og med ein døande far. Sliten, uflidd og uoverkommeleg spillegjeld. Han har ingenting å miste og farleg for dei som kryssar vegen hans. No står han i fare for å bli glad i nokon att.

Dette er bra. Nesbø struttar av skriveglede, og eg klarer ikkje å leggje boka frå meg. Handlinga er driven framover at jakta på mordaren, men tilbakeslaga blir for langdryge og gjentakande. Med litt meir redigering hadde boka vert ein innertiar.

Mi leseoppleving:terningkast 5

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *