Ellens tråd i veven

«Drapet på Harriet Krohn» (2004) av Karin Fossum

9. mars 2010 22:33

Charles Olav Torp er enkjemann, har ei 16-år gamal dotter som ikkje vil vite av han, er avhengig av spill og har 200 000 kroner i gjeld. Han planleggjar og utfører drapet på Harriet Krohn, blir kvitt spillegjelda, får seg ein jobb og dottera tek kontakt med han att. Det ser ut til at alt ordnar seg for Charlo, men så får politietterforskar Konrad Sejer saken.

Sejer har ingen uløyste saker bak seg. Som lesar ser eg korleis Charlo fortvila prøver å kome unna garnet som leggjast ut etter han. Likevel klarer han ikkje å vekkje nokon form for sympati hos meg.
Dermed blir handlingane og tankane hans ein smule keisame.

Kan hende det er det at eg ikkje les bøkene til Fossum i rekkjefølgje, og har komen i ein stim der lesaren får vite kven den skuldige er frå fyrste stund: «Den onde viljen», «Varsleren» og no «Drapet …». Motiva er forskjellige, men hovudpersonane er like i at dei er tafatte og misforståtte. Eg kjenner at eg byrjar å bli lei av å berre sjå i frå mordaren sin synsvinkel. Forfattaren er kjend for å skrive psykologiske krimbøker – det bør ho fortsetje med, men med litt meir nytenking.

Mi leseoppleving:terningkast 3

Et svar til “«Drapet på Harriet Krohn» (2004) av Karin Fossum”

Janne skrev en kommentar den 19. april 2010

Han planlegger ikke å drepe henne, men å rane henne ;)

Vil du kommentere?