Ellens tråd i veven

«Saman er ein mindre aleine» (2005) av Anna Gavalda

10. mars 2010 23:47

Paulette ramlar overende i huset sitt og må på pleieheim. Ho har berre barnebarnet Franck som kan sjå til henne, men han er ein travelt opptatt kokk som arbeider kvar dag. Han bur i ein enorm leilegheit i Paris saman med adelege Philibert. Ovanfor bur Camille som teiknar alle ho kjenner. På ein forunderleg måte blir alle desse fire involvert i kvarandre sitt liv, og husværet til Philibert blir eit sentralt møtepunkt.

Det handlar om å vere annleis og ikkje passe inn i eit funksjonelt samfunnsmønster. Aldrande Paulette byrjar å bli senil og ha sviktande balanse. Franck er ein villstyring i ord og handlingar, forførar kvinner, men er utan fast følgje. Philibert er danna, intelligent, stammar, har OCD og sel postkort. Camille har problem med eting, mora si og leve av det ho eigentleg kan best: kunsten sin.

Gavalda skildrar personane på ein slik måte at ein må berre like dei. Ordvalet og setningane, fransk eller nynorsk, dei er utmerkte til situasjonen. Eg observerer korleis aktørane tek del, og eg skulle ynskje eg var ein av dei. Endinga er ein smule lettvint, men tittelen er poesi i seg sjølv.

Mi leseoppleving:terningkast 6

5 svar til “«Saman er ein mindre aleine» (2005) av Anna Gavalda”

Knirk skrev en kommentar den 11. mars 2010

Jepp, denne likte jeg også kjempegodt.

Ellen skrev en kommentar den 13. mars 2010

Ja, dei som ikkje har lest boka: gle dykk!

[...] tar ei stund før eg klarar å bli engasjert i handlinga, i motsetnad til «Saman er ein mindre aleine» som tok meg med ein gong. Samstundes er personane i begge bøkene litt like, ingen passar heilt inn [...]

Ellens tråd i veven » Bloggarkiv » Cherry on Top Award sendte en pingback den 18. november 2010

[...] Gavalda og “Saman er ein mindre aleine”. Franske Gavalda er oversett til ein nydeleg nynorsk, med interessante karakterar og spennande [...]

Ellens tråd i veven » Bloggarkiv » Leseåret 2010 sendte en pingback den 1. januar 2011

[...] “Saman er ein mindre aleine” (2005) av Anna Gavalda [...]

Vil du kommentere?