«Det stumme rommet» (1983) av Herbjørg Wassmo

Dette er ei direkte fortsetjing frå «Huset med den blinde glassveranda». Stefaren til Tora blir fengsla for å ha tent på Simonbruket, men ingen veit om det største brotsverket; seksuelle overgrep på stedottera si. I fråværet av «farligheten» opplever Tora tryggleik, ho veks og utfaldar seg på Tusenhjemmet og på skulen. Mora, tante Rakel og onkel Simon støtter henne moralsk og økonomisk med å gå på Breiland kommunale realskule. Det ser ut til å gå vegen for Tora.

Eg var omtrent like gamal som Tora då eg leste denne fyrste gong. Ho og eg har forandra oss, eg har blitt eldre, Tora har blitt klokare, meir sjølvstendig og rådsnar, men meir forvirra og. Mobbinga av å vere tyskarunge gjer at ho dagdrømmer om å treffe si biologiske bestemor i Tyskland, tanken på dette gjer at ho overlever. Då skjer det katastrofale, som heile boka peiker mot.

Språket til Wassmo er fargerikt og levande, ho skildrar den nordnorske naturen og menneskesjela på sitt mest inderlege, sårbare, vakraste og styggaste. På ein utmerkt måte klarer ho å formidle at livet er samansett av kontrastar. Den andre boka i trilogien om Tora forpliktar oss lesarar til å vere med heilt til slutten.

Mi leseoppleving:terningkast 6