«Det stumme rommet» (1983) av Herbjørg Wassmo

Dette er ei direkte fortsetjing frå «Huset med den blinde glassveranda». Stefaren til Tora blir fengsla for å ha tent på Simonbruket, men ingen veit om det største brotsverket; seksuelle overgrep på stedottera si. I fråværet av «farligheten» opplever Tora tryggleik, ho veks og utfaldar seg på Tusenhjemmet og på skulen. Mora, tante Rakel og onkel Simon støtter henne moralsk og økonomisk med å gå på Breiland kommunale realskule. Det ser ut til å gå vegen for Tora.

Eg var omtrent like gamal som Tora då eg leste denne fyrste gong. Ho og eg har forandra oss, eg har blitt eldre, Tora har blitt klokare, meir sjølvstendig og rådsnar, men meir forvirra og. Mobbinga av å vere tyskarunge gjer at ho dagdrømmer om å treffe si biologiske bestemor i Tyskland, tanken på dette gjer at ho overlever. Då skjer det katastrofale, som heile boka peiker mot.

Språket til Wassmo er fargerikt og levande, ho skildrar den nordnorske naturen og menneskesjela på sitt mest inderlege, sårbare, vakraste og styggaste. På ein utmerkt måte klarer ho å formidle at livet er samansett av kontrastar. Den andre boka i trilogien om Tora forpliktar oss lesarar til å vere med heilt til slutten.

Mi leseoppleving:terningkast 6

5 thoughts on “«Det stumme rommet» (1983) av Herbjørg Wassmo

  1. Jeg er veldig begeistret for bokomtalene dine. Nå har jeg lagt deg i blogglista, så jeg ikke går glipp av en eneste en.
    Tora-trilogien står på vent hos meg – jeg har ikke lest bøkene siden jeg leste dem som ung gymnasiast, men jeg har bestemt meg for å lese dem på nytt. Grugleder meg.

  2. Hmm, kanskje jeg burde lese triologien om Tora. Foreløpig er det eneste jeg har lest av Herbjørg Wassmo «Hundre år». Likte den kjempegodt. Ser forresten at du også er fra Fauske, kjente igjen kulturlandskapet i headeren din, og da måtte jeg jo forske litt for å finne ut hvor du kom fra!

  3. Hanne: Takk for ros! Det var med blanda kjensler at eg las Tora om att som pensum i vaksen alder, men ho har ikkje tapt seg. Eg kan rå deg til å lese ho på nytt. Forteljinga er like sterk og intens.

    Pia: Så bra at du likte «Hundre år», har tenkt å lese den i næraste framtid. Og ja, eg bur på Fauske, men er i frå Bodø :).

  4. Pingback: Ellens tråd i veven » Bloggarkiv » «Hudløs himmel» (1986) av Herbjørg Wassmo

  5. Hei – det er godt å lese andre sine inntrykk av denne triologien. Holder på å skrive særemne om Tora-triologien og Herbjørg Wassmo. Fantastisk gripende bøker, og vakkert skrevet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *