«Hudløs himmel» (1986) av Herbjørg Wassmo

Tora strever med tankane om hennar dødfødde barn, hatet til stefaren, mora sitt umedvite og dei sosiale krava frå medelevane på realskulen. Til slutt klarar ho å dele dette med tanta si, som lovar å hjelpe ho. Tante Rakel ordnar opp, prøver å spore opp slekta til Tora i Tyskland, samtidig som ho sjølv kjempar mot kreft.

Om ein har lest dei to fyrste bøkene om Tora, bør ein lese denne siste boka og. Kontrastane og spaltinga blir tydeligare. Til tross for at ho er seksuelt misbrukt av stefaren sin og ser ut til å gå til grunne, er ho skuleflink og har sjanse til å nå langt. Ho vandrar i frå sitt eige sinn over til den meir myndige og erfarne tante Rakel, men ingen kjenner ho att.

Det var denne boka eg syntest var mest vanskeleg å lese som ungdom, og eg klarar enno ikkje heilt å vere med inn i det eg tolkar som schizofreni. Det tipper over for Tora då ho mistar haldepunktet sitt, og ho tar ei anna rolle som er ledig. Wassmo set konkrete ord på korleis Tora føler verda kring seg. Det er frykteleg nært, men og ein måte å markere avstand.

Mi leseoppleving:terningkast 5

3 thoughts on “«Hudløs himmel» (1986) av Herbjørg Wassmo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *