Historia er velkjend, sjølv om ein ikkje har lest boka. Robinson strandar på ei aude øy i Sør-Amerika i heilt til han treffer Fredag som han siviliserer og blir hans trufaste tenar.
Den inneheld meir. Familien til Robinson er frå middelklasse-England på 1600-talet, men han trosser faren sitt ynskje om å bli advokat og drar til sjøs. Etter sju år, som blant anna kvit slave og plantasjeeigar, skal han hente slavar frå Afrika. Skipet forliser, og Robinson er den einaste som overlever. På ei aude øy nær Venezuela, klarer han med hjelp av få verktøy å gjenskape ein komfort han er fornøgd med. Tryggleiken endrar seg etter 15 år, då han oppdagar eit framand fotspor i sanda.
«Robinson Crusoe» reknest som ein av England sine fyrste romanar, og er inspirert av ei verkeleg hending. Skotten Selkirk var redda i 1709 etter å ha levd aleine i 4 år på ei øy utanfor Chile. Boka har fleire nivå, alt etter kva ein vektlegg. Hovudpersonen søker religiøse og filosofiske svar, i starten er han gudlaus, men etterkvart foreiner han seg med kristendomen. Øya utviklar seg frå å vere urørt av menneskehender, til å bli eit jeger- og sankarsamfunn, deretter eit jordbrukssamfunn og byrjinga til industrialisering.
Eg likar best korleis Robinson veks frå å vere ein ungdom utan retning og ansvar, til å bli ein vaksen som verdset dei små ting i livet og tek styring over sin eigen skjebne. Boka har lite action og dialogar, den blir fortalt av Robinson sjølv som eg-person i ettertid, så da han siterar dagboka si med dei same hendingane han nett har fortalt, blir det litt for repeterande og langdrygt.
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
3 kommentarer »
Siste kommentarer