Ellens tråd i veven

Arkiv for 'mai, 2010'

«En verdensomseiling under havet» (1870) av Jules Verne

29. mai 2010 1:03

Romanen er bygd opp av mange fantastiske hendingar på slutten av 1800-talet, der mannskapet på ubåten Nautilus opplever undervass-skogar, gedigne skjell, angrep av ein gigantisk blekksprut, ferda under Sør-Polen, monsterstorm og oppdaginga av det gløymte Atlantis.

Eg-personen professor Pierre Aronnax blir saman med tenaren Conseil og harpuneren Ned Land, tatt til fange av kaptein Nemo. Gjennom Aronnax blir vi lesarar meir kjent med den gåtefulle Nemo. Kven er han? Kvifor har han valt bort livet på landjorda? Kva søkjer han etter? Men eg synest ikkje boka gjev noko konkrete svar. Då vippar eg mellom det geniale og utilfredsstillande.

Om eg hadde lese denne då eg var yngre, ville eg har blitt fascinert over eventyret, oppfinningane og mysteriet. No som eg er (mykje) eldre, vil eg ha meir. Kva var målet med Nemo si reise under havet? Han forklarar metodar og innretningar i minste detalj (til det keisame) til Aronnax, kvifor fortel han då ikkje det viktigaste? Plottet er som sagt genialt, men eg blir ikkje tilfredsstilt.

Mi leseoppleving:terningkast 4

Ja, tenke det; ønske det; ville det med; — men gjøre det! Nei; det skjønner jeg ikke!

8. mai 2010 23:46

sa Ibsen sin Peer Gynt i 1867.

Det var noko sånt vi tenkte då vi starta i vinter på dansing for damer 30+. Ladies night er for oss mødre og tanter som har fylgt våre håpefulle på dansetreningane deira, og likt “movsa” deira. Vi var over 70 damer på opningskvelden, den største gruppa i Dans Fauske! Med Candyman, Tina Turner, Salsa, Queen og Hot and cold i øyre og føter, har vinteren gått og våren nesten kome. Ein gong i veka har vi flira, dansa og hatt det toppers. I kveld var vi omtrent 20 på vår-showet.

Eg er ingen meister, ikkje eingong fauskemeister, men eg dansa på scenen framfor 1000 menneske! Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å delta sidan eg er sjenert av natur, men eg kunne ikkje bortforklare det for min son og alle dei andre ungane som skulle vere med. I ettertid er eg ikkje sikker på om eg hugsa alle stega, men eg var med!

A giant leap for me!

Ortoklor har hatt ein liknande oppleving …