«Det mørke tårn VI – Susannahs sang» (2009) av Stephen King.

«Susannahs sang» held fram der «Ulvene» ender, etter å ha avslutta deira gjeremål i Calla Bryn Sturgis, får revolvermennene og ka-tet selskap av fader Callahan. Dei vert splitta opp da gravide Susannah blir kidnappa av demonen Mia, som drar tilbake til New York i 1999 for å føde og oppdra «krabaten». Roland, Eddie, Jake og Callahan si oppgåve blir då å verne om ei raud rose på ei aude tomt i New York, samtidig som dei må finne det mørke tårn før alle verdene kollapsar. I tillegg eksisterer det ein forfattar som av ein eller anna grunn har slutta å skrive på denne historia, og ka-tet må overtyde han til å skrive vidare, ellers sluttar dei å eksistere.

Bok nr. 6 verkar som eit mellomspel i den eigentlige handlinga, nett slik som førre bok «Ulvene». Dei markerer eit klårt skilje frå dei fyrste fire bøkene. Nummer 5 og 6 har har ingenting med drivkrafta og målet i denne 7-bindserien. Eg føler at King har gått utanom strålen sin veg.

Det tar nesten halve boka før eg er fortruleg med språket og handlinga. Scenene mellom Mia og Susannah, som for det meste skjer i den sistnemnte sitt indre, blir for gjentakande og keisam. Og så må forfattaren sjølv skrive seg inn i forteljinga. Det er mogeleg at han prøver på å knytte saman bibliografien og biografien sin med universet generelt, men det ender opp med ein pinleg sirkelargumentasjon.

Likevel, som ein «constant reader» og trufast til den bitre enden, så må ein lese den som ein opptakt til siste del av eposet om «det mørke tårn».

Mi leseoppleving:terningkast 3

One thought on “«Det mørke tårn VI – Susannahs sang» (2009) av Stephen King.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *