|
Arkiv for 'august, 2010'
Nora og Alicia er syskenborn og bestevenninner. Deira idylliske barndom omgitt av Cuba si varme sol, fine strender og kjærlege familie, får ein brå slutt da revolusjonen startar og Fidel Castro overtar. Familien til Nora flyktar til USA, mens Alicia sin familie blir att på Cuba – og liva deira tar ulike retningar.
Historia blir drive fram av motsetningar, mest markant gjennom hovudpersonen Nora som er mørk, stille og inneslutta, mens kusina Alicia er lys, open og omgjengeleg. Dei held kontakten og venskapen med brevskriving. Nora skriv om det å vere flyktning, ikkje å passe inn og frykta for å miste hjartet til det amerikanske samfunnet. Alicia skriv om kjærleiken til landet og den nye familien sin, om korleis det er å overleve under ei ny regjering ho først har tiltro til og som ho seinare kjempar mot.
Det blir fortalt ei spennande historie med eit enkelt språk. Boka er lettlest og til tider litt for føreseieleg. Likevel klarar forfattaren å bøte på det ved å skrive så godt at ho lokkar fram medkjensle og tårar hos lesaren.
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
Ingen kommentarer »
Ei godt lest bok etter late dagar på stranda.

Charles nærmar seg dei 50, reiser mykje i samband med arkitektjobben, og tykkjer han er fanga i eit kjenslelaust ekteskap. Det einaste lyspunktet i tilværet er stedottera. Identitetskrisa slår ut i full blom da han får eit brev med kun tre ord «Anouk er død», og må reise attende til barndommen for å finne grunnlaget for meldinga.
Etterkvart som vi lesarar får vite kven Anouk er, blir vi betre kjent med kven Charles var og er blitt til. Da han kjem fram til at det ikkje stemmer overeins med det han ville med livet sitt, må han ta eit oppgjør og boka tar ei ny vending. Han treffer herlege Kate med sin utvida familie.
Det tar ei stund før eg klarar å bli engasjert i handlinga, i motsetnad til «Saman er ein mindre aleine» som tok meg med ein gong. Samstundes er personane i begge bøkene litt like, ingen passar heilt inn i eit A4-samfunn, men saman finn dei det beste i kvarandre. Eg er enno litt ambivalent til passasjen med alle dei alternative endingane – var det nødvendig?
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
Ingen kommentarer »
Etter ein elendig nordlandssommar, fekk vi endeleg oppleve to veker med samanhengande sol, varme og bading. I år som i fjor var vi to veker på Kreta, denne gongen i Agia Marina. Det var framifrå mat, god drikke, sand mellom tærne, sveitte dagar og behagelege kveldar. Her er ein smakebit:
(Klikk på bileta for å sjå dei i ein større og finare versjon)
Sandstranda nedanfor hotellet vårt:

Bading i Middelhavet:

Isida Hotel, heimen vår:

God mat:

Familien:

Kretiske bygningar:

På landet:

Vekstar:

Ettermiddagssyslar som t.d. minigolf:

Vi var og ein tur til storbyen Chania:

Solnedgang:

Det var fantastisk!
Kategorier: Hjem og familie, Reiser
2 kommentarer »
Sprett opp champagneflaska; her kjem ein bloggpost om matlaging! Det er ikkje eg som lagar middagen heime til vanleg, men av og til så må eg. Og nokre gongar blir eg spurt om oppskrifta. Dette er ein av dei:
Kjøttpai med tomatsalsa

(Bildet er lånt av Lasse.)
Du treng:
- 400 g karbonadedeig
- 1 lauk, hakka
- 2 fedd kvitlauk, hakka
- 2 ss tomatpuré
- olje til steiking
- 1 boks hakka tomatar
- 2 dl matfløyte
- 4 egg
- salt og pepar
- 1 pk maizena paideig
- 2 dl mager ost, rive
- 1 neve cherrytomatar i bitar
- 1 raudlauk, hakka
- 2 ss frisk basilikum, hakka
- 2 ss eddik
- 4 ss olivenolje
Slik går du fram:
1. Steik karbonadedeig, lauk, kvitlauk og tomatpuré i olje til alt er godt bruna. Ha over hakka tomatar og kok i 2 minutt. Ta kjelen frå plata og rør inn matfløyte og egg. Krydre med salt og pepar.
2. Lag paibotnen som vist på pakken. Ha kjøttfyllet på paibotnen. Dryss osten over og steik i omn ved 200 °C i ca. 35 min.
3. Bland saman tomatar, raudlauk, basilikum, eddik og olje i ein bolle og krydre med salt og pepar. Servér paien med tomatsalsa.
Kategorier: Mat og helse
2 kommentarer »
|
|
Siste kommentarer