«Lykka er ein sjeldan fugl» (2009) av Anna Gavalda

Ei godt lest bok etter late dagar på stranda.

Charles nærmar seg dei 50, reiser mykje i samband med arkitektjobben, og tykkjer han er fanga i eit kjenslelaust ekteskap. Det einaste lyspunktet i tilværet er stedottera. Identitetskrisa slår ut i full blom da han får eit brev med kun tre ord «Anouk er død», og må reise attende til barndommen for å finne grunnlaget for meldinga.

Etterkvart som vi lesarar får vite kven Anouk er, blir vi betre kjent med kven Charles var og er blitt til. Da han kjem fram til at det ikkje stemmer overeins med det han ville med livet sitt, må han ta eit oppgjør og boka tar ei ny vending. Han treffer herlege Kate med sin utvida familie.

Det tar ei stund før eg klarar å bli engasjert i handlinga, i motsetnad til «Saman er ein mindre aleine» som tok meg med ein gong. Samstundes er personane i begge bøkene litt like, ingen passar heilt inn i eit A4-samfunn, men saman finn dei det beste i kvarandre. Eg er enno litt ambivalent til passasjen med alle dei alternative endingane – var det nødvendig?

Mi leseoppleving:terningkast 5

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *