«Drømmehjerte» (2008) av Cecilia Samartin.

Nora og Alicia er syskenborn og bestevenninner. Deira idylliske barndom omgitt av Cuba si varme sol, fine strender og kjærlege familie, får ein brå slutt da revolusjonen startar og Fidel Castro overtar. Familien til Nora flyktar til USA, mens Alicia sin familie blir att på Cuba – og liva deira tar ulike retningar.

Historia blir drive fram av motsetningar, mest markant gjennom hovudpersonen Nora som er mørk, stille og inneslutta, mens kusina Alicia er lys, open og omgjengeleg. Dei held kontakten og venskapen med brevskriving. Nora skriv om det å vere flyktning, ikkje å passe inn og frykta for å miste hjartet til det amerikanske samfunnet. Alicia skriv om kjærleiken til landet og den nye familien sin, om korleis det er å overleve under ei ny regjering ho først har tiltro til og som ho seinare kjempar mot.

Det blir fortalt ei spennande historie med eit enkelt språk. Boka er lettlest og til tider litt for føreseieleg. Likevel klarar forfattaren å bøte på det ved å skrive så godt at ho lokkar fram medkjensle og tårar hos lesaren.

Mi leseoppleving:terningkast 5

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *