|
Arkiv for 'oktober, 2010'
Kor villig er du til ta vare på nokon andre enn deg sjølv og familien din? Kva er kostnadane og kven skal betale dei?
Det skjer noko umenneskeleg på standa i Nigeria, som bind det ferierande ekteparet Sarah og Andrew frå England til dei flyktande innbyggjarane Sarah og Little Bee. To år seinare står Little Bee på trappa til Sarah, ho kjem frå ei interneringsleir i England, og Sara, redaktøren for eit motemagasin, veit ikkje heilt kva ho skal gjere.
Gjennom to stemmar, Sarah og Little Bee, gjev forfattaren Chris Cleave oss lesarar to forskjellige synspunkt på kva som hende på stranda, verda, politikk, kvardag og val. Dei vekslar på å fortelje og forklare, og dei klarar å vekkje noko hos meg – det er ikkje medkjensle, men uro og tankar på «kva om» … Dette er ikkje ei tårepersebok, men har likevel eit sterkt bodskap.
Er du modig nok?
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
2 kommentarer »
3 tidslinjer kryssar kvarandre då arkeologen Bjørn Beltø snublar over eit eldgammalt papyrusmanuskript på Island. Det viser seg å vere skriven av egyptarar for 3500 år sidan, og stolen av vikingar for 1000 år sidan. I jakta på runerebusar, heilag geometri og opphavet til bibelen, finn Bjørn svar som kan velte religionane og verdshistoria. Samtidig er det nokon som ikkje ønskjer at han skal publisere funna og teoriane sine, og vil drepe dei som ber på sanninga.
Dette er ein frittståande oppfølgjar til «Sirkelens ende». Hovudpersonen Bjørn Beltø er framleis ein einsam albino som ikkje riktig finn sin plass, verken i arbeidet eller i privatlivet. Han har nokre få vener som støttar han når han har kjørt seg heilt fast, men det verkar som det vert færre av dei etter kvart. Bjørn ønskjer at allmenta skal ha tilgang til historisk dokumentasjon, det skal ikkje vere mogeleg at private investorar skal kunne kjøpe dette til si private samling.
For å understreke at forfattaren tek utgangspunkt i mange historiske og vitskapelege teoriar, bruker han veldig lang tid på å dokumentere dette. Derfor tar det like lang tid før eg blir engasjert i handlinga, som blir litt spinkel i forhold til resten.
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
1 kommentar »
3 generasjonar med sterke og rådføre kvinner, oldemor Sara Susanne, bestemor Eldia og mor Hjørdis til forfattaren Herbjørg, vert ei hundre år gamal slektshistorie frå 1842 til 1942.
Fellestrekket for desse kvinnene er at dei lengtar, men får aldri førstevalet. Dei vel familien framfor eigen lukke. Likevel set det inga avgrensing på deira identitet og sjølvstende.
Forfattaren Herbjørg seier det heile starta med at dottera viste henne eit bilete av ei altertavle, der formora Sara Susanne var modell for ein engel, malt av presten Fredrik Nicolai (Fritz) Jensen. Deretter vart det viktig å fortelje kvifor ho sjølv vart til det ho vart, overgrepa til faren og orda i notisbøkene. I denne fiksjonbiografien kan ein sjå grunnlaget til trilogiane om Tora og Dina. Ho bruker til og med dei same verkemidla; den nordnorske naturen, mentaliteten og dialekten. Det einaste som kan kritiserast er dei raske hoppa mellom hovudpersonane. Når ein først føler at ein startar å kjenne ei av kvinnene, vert ein kasta til den neste.
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
1 kommentar »
|
|
Siste kommentarer