«Paktens voktere» (2007) av Tom Egeland.

3 tidslinjer kryssar kvarandre då arkeologen Bjørn Beltø snublar over eit eldgammalt papyrusmanuskript på Island. Det viser seg å vere skriven av egyptarar for 3500 år sidan, og stolen av vikingar for 1000 år sidan. I jakta på runerebusar, heilag geometri og opphavet til bibelen, finn Bjørn svar som kan velte religionane og verdshistoria. Samtidig er det nokon som ikkje ønskjer at han skal publisere funna og teoriane sine, og vil drepe dei som ber på sanninga.

Dette er ein frittståande oppfølgjar til «Sirkelens ende». Hovudpersonen Bjørn Beltø er framleis ein einsam albino som ikkje riktig finn sin plass, verken i arbeidet eller i privatlivet. Han har nokre få vener som støttar han når han har kjørt seg heilt fast, men det verkar som det vert færre av dei etter kvart. Bjørn ønskjer at allmenta skal ha tilgang til historisk dokumentasjon, det skal ikkje vere mogeleg at private investorar skal kunne kjøpe dette til si private samling.

For å understreke at forfattaren tek utgangspunkt i mange historiske og vitskapelege teoriar, bruker han veldig lang tid på å dokumentere dette. Derfor tar det like lang tid før eg blir engasjert i handlinga, som blir litt spinkel i forhold til resten.

Mi leseoppleving:terningkast 4

One thought on “«Paktens voktere» (2007) av Tom Egeland.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *