«Little Bee» (2010) av Chris Cleave

Kor villig er du til ta vare på nokon andre enn deg sjølv og familien din? Kva er kostnadane og kven skal betale dei?

Det skjer noko umenneskeleg på standa i Nigeria, som bind det ferierande ekteparet Sarah og Andrew frå England til dei flyktande innbyggjarane Sarah og Little Bee. To år seinare står Little Bee på trappa til Sarah, ho kjem frå ei interneringsleir i England, og Sara, redaktøren for eit motemagasin, veit ikkje heilt kva ho skal gjere.

Gjennom to stemmar, Sarah og Little Bee, gjev forfattaren Chris Cleave oss lesarar to forskjellige synspunkt på kva som hende på stranda, verda, politikk, kvardag og val. Dei vekslar på å fortelje og forklare, og dei klarar å vekkje noko hos meg – det er ikkje medkjensle, men uro og tankar på «kva om» … Dette er ikkje ei tårepersebok, men har likevel eit sterkt bodskap.

Er du modig nok?

Mi leseoppleving:terningkast 6

2 thoughts on “«Little Bee» (2010) av Chris Cleave

  1. Har boka kommet ut på norsk, og likeså, er den i pocketformat?
    Ps. Liker dine bedømminger. De bøkene som du har omtalt, og som også jeg har lest, forteller meg at din og min bedømming er utrolig lik. Derfor denne interessen for denne boken, som jeg ikke har hørt om.
    På forhånd takk.

  2. Hei Torbjørn!

    Boka kom ut på norsk i 2010, men eg trur den finst berre i innbunden utgåve. Så artig at vi har same smak når det gjeld bøker 🙂 Eg likte «Little Bee» særs godt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *