|
Arkiv for 'november, 2010'
No nyleg vart eg ferdig med å strikke ein damegenser med fletter. Klikk på bileta for å se dei i ei større og finare utgåve.

Oppskrifta er etter Dalegarn design strikkeoppskrifter for vaksne nr. 111, Heilo nr. 1.

Den er strikka i Falk på pinne nr. 2,5 og 3,5. Feiande flotte fletter, ikkje sant!

Kategorier: Kunst og håndverk
2 kommentarer »
Eg har fått ei utmerking frå Beate blogger om bøker, for å vere ein feiande flott bloggar! Ein god grunn til å skrive eit innlegg, noko som eg ikkje har hatt så mykje tid til i det siste.

Reglane er:
- Takk han eller ho du har fått prisen ifrå.
- Kopier prismerket til bloggen din.
- Fortel kva for tre forfattare du reknar som dine favorittar, og nemn ei yndlingsbok per forfattar.
- Send prisen vidare til 5 mottakare som du føler fortener han.
Mine tre farvorittforfattare med yndlingsbøker er:
- Knut Hamsun og “Victoria”. Eg har alltid likt Hamsun, både som pensum og opplevingslesing. Det er vanskeleg å velje mellom “Pan” og “Victoria”, men sistnemnte er ei bok eg til støtt og stadig les om att.
- Stephen King og “The Stand”. King var den fyste romanforfattaren eg las på engelsk, og sida har eg prøvd å lese minst ein engelsk roman av han i året. “The Stand” viser verda som eit mikrokosmos etter ein dødeleg epidemi. Tett oppunder kjem “The Shining”.
- Anna Gavalda og “Saman er ein mindre aleine”. Franske Gavalda er oversett til ein nydeleg nynorsk, med interessante karakterar og spennande handling.
Eg nominerer og tagger desse fem bloggarane for å vere ei god inspirasjonskjelde til lesing og skriving:
Kategorier: Litteratur, Underholdning
Ingen kommentarer »
I det Karl Ove Knausgård gjer ut si fyrste bok av seks om sitt liv, som ifylgje forfattaren er ein kamp, viser det at dette er meir eit prosjekt og ein installasjon, enn eit litterært verk.
Det startar med eigen røynsle om døden, faren sin død og korleis han oppfatta faren i ungdomstida. I retrospektiv skildrar han korleis storebroren Yngve og han sjølv vart prega av ein dominerande og kontrollerande far, som til slutt har ein nedverdigande død i huset til mora. Yngve og Karl Ove må rydde opp både fysisk og psykisk. Den psykiske oppryddinga gjer tilbakeblikk på då dei var ungdommar.
Eg liker passasjane då han har sine filosofiske vurderingar over livet og familien. Likevel blir det for detaljert og banalt då han skildrar kvardagen han har og hadde. Alle episodane byggjer opp under ei forventning om at noko skal skje, men som ikkje skjer. Eg ventar på eit klimaks, men det blir ikkje innfridd.
Mi leseoppleving:
Kategorier: Litteratur
2 kommentarer »
|
|
Siste kommentarer