«Min kamp» (2009) av Karl Ove Knausgård.

I det Karl Ove Knausgård gjer ut si fyrste bok av seks om sitt liv, som ifylgje forfattaren er ein kamp, viser det at dette er meir eit prosjekt og ein installasjon, enn eit litterært verk.

Det startar med eigen røynsle om døden, faren sin død og korleis han oppfatta faren i ungdomstida. I retrospektiv skildrar han korleis storebroren Yngve og han sjølv vart prega av ein dominerande og kontrollerande far, som til slutt har ein nedverdigande død i huset til mora. Yngve og Karl Ove må rydde opp både fysisk og psykisk. Den psykiske oppryddinga gjer tilbakeblikk på då dei var ungdommar.

Eg liker passasjane då han har sine filosofiske vurderingar over livet og familien. Likevel blir det for detaljert og banalt då han skildrar kvardagen han har og hadde. Alle episodane byggjer opp under ei forventning om at noko skal skje, men som ikkje skjer. Eg ventar på eit klimaks, men det blir ikkje innfridd.

Mi leseoppleving:terningkast 4

2 thoughts on “«Min kamp» (2009) av Karl Ove Knausgård.

  1. Pingback: Ellens tråd i veven » Bloggarkiv » «Min kamp 2» (2009) av Karl Ove Knausgård

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *