Ellens tråd i veven

Arkiv for 'desember, 2010'

«After dark» (2008) av Haruki Murakami.

31. desember 2010 3:15

I løpet av 7 timar, frå kl. 23:56 til 6:52, fylgjer vi Mari Asai gjennom natta i Tokyo. Ho vil ikkje sove og leser pensumbøker på kaféen Denny’s. Jazztrombonisten Tetsuya Takahashi kjenner henne att, som systera til Eri, modellsystra som no søv ein koma-liknande svevn på tredje månaden. Kaoru, ei venninna av Takahashi som driv eit kjærleikshotel, treng hjelp då ei av dei kinesiske prostituerte blir overfalt.

Slik vert personane i «After dark» og vi som lesarar, kvervla inn i den japanske storbynatta. Murakami bruker verkemidlar frå film, vi kan fylgje kameralinsa som sveiper frå den ene scena til til den andre, samstundes med at ein nærast allvitande stemme forteljar kva vi ser.

Det byggjer seg opp til noko, eit driv eller eit plot, ein mørk person som fylgjer med på kvar ei rørsle Eri gjer i søvne og eit TV-apparat som skrur seg på og av. Kva var eigentleg grunnen til at Eri hamna i denne situasjonen? Har dette nokon meining for dei andre, spesielt Mari, i denne forteljinga? Men det vert ikkje til meir. Det er for mange lause trådar, kanskje som når ein vaknar opp frå ein djup svevn.

Mi leseoppleving:terningkast 3

«Høytleseren» (1997) av Bernhard Schlink.

29. desember 2010 2:26

Tyske Michael Berg tenkjer attende då han som 15-åring traff 36-årige Hanna Schmitz, like etter andre verdskrig. Ho pleier han då han er sjuk, og då han seinare vil takke for omsorga, forfører ho han. Dei innleier eit seksuelt forhold der Michael også leser romanar høgt for Hanna. Ein dag forsvinner ho utan forvarsel, utan at nokon veit kvifor. Fyrst da Michael som jusstudent fylgjer rettssakene mot nazistane, dukkar ho opp på tiltalebenken, og han får etterkvart vite kven ho eigentleg er.

Eg synest den fyrste delen av boka er best. Michael romantiserer nok sitt forhold til Hanna, ho kjem og forsvinn plutselig, men ho merkar han for livet. Del to inneheld seminar og rettsaker, og er prega av litt langtekkelege utredningar. Likevel set forfattaren fingeren på eit viktig spørsmål: korleis borna til tyskarane som levde under andre verdskrig, spesielt med tanke på holocaust, kunne hamle opp med denne vissa om foreldra i ettertid.

Eg venter fortsatt på at Hanna skal få ein sjanse til å forklare seg og seie kva ho tenkjer på. Med den fortida dei har saman, burde også Michael ha gjort noko aktivt, kanskje ha avslørt løyndomen hennar, før han resignerer.

Mi leseoppleving:terningkast 4