Ellens tråd i veven

Arkiv for 'mars, 2011'

Tunika-strikk

9. mars 2011 23:45

I løpet av nokre få veker har eg strikka meg ein tunika/kjole. Eg fant oppskrifta i boka “Norsk strikk” av Karen Marie Vinje.

Eg strikka “tunika med veske og løs hals” på side 82, men berre tunikaen, med Heilo Dalegarn med pinnenr. 3 og 3 1/2. Klikk på bileta for å se dei i ein større og betre utgåve.

Vår beste dag

6. mars 2011 14:51

Ha denne teksten/songen på minne når du vaknar opp om morgonen og lever livet!

Kom og lytt til lyset når det gryr av dag
solen løfter sin trompet mot munnen.
Lytt til hvite sommerfuglers vingeslag;
Denne dag kan bli vår beste dag!
Stien som vi gikk i går er like ny,
hemmelig som ved vårt første morgengry;
Mangt skal vi møte – og mangt skal vi mestre,
dagen i dag – den kan bli vår beste dag.

Kom og lytt til dypet når vi ror mot dag,
hør, maneten stemmer sine strenger.
Løfterik er tonen i et fiskevak,
denne dag kan bli vår beste dag!
Fjorden vår er like ny og blå og blank,
blikket ditt er fritt og ryggen like rank.
Mangt skal vi møte – og mangt skal vi mestre,
dagen i dag – den kan bli vår beste dag.

Kjære lytt til mørke når vår dag er gått,
natten nynner over fjerne åser.
Mangt har dagen skjenket oss av stort og smått,
mer, kan hende, enn vi har forstått!
Månen over tun og tak er like ny,
men tier stille om vårt neste morgengry.
Mangt skal vi møte – og mangt skal vi mestre,
dagen i morgen skal bli vår beste dag.

- Erik Bye

«Saras nøkkel» (2008) av Tatiana de Rosnay

2. mars 2011 22:27

Eg las boka ferdig 29.01.11

Sykkelvelodromen Vèl d`Hiv i Paris er vendepunktet i livet til Sara og Julia. Sara er ei 10 år gamal jente som i 1942 vert henta av det franske politiet. Saman med over 13 000 andre jødar må ho opphalde seg på denne idrettsarenaen i fleire døgn under umenneskelege forhold, for deretter å bli transportert til Auschwitz. Heile tida tenkjer ho på veslebroren ho låste inn i eit skjult skap heime i leilegheita, like før politiet kom, og at ho har lova å kome attende. Julia er ein 44 år gamal amerikansk journalist, gift med ein franskmann og skal dekke 60-årsmarkeringa av Vèl d`Hiv for eit amerikansk magasin. Samtidig pussar ho opp leilegheita til svigermora hennar, som viser seg å ha tilhøyrt ein jødisk familie som plutseleg forsvann i 1942.

Sakte, men sikkert vert desse to liva knytt saman i deira søken, Julia i sitt research for artikkelen sin og for å finne spor etter Sara, og Sara for å kunne innfri løfte sitt om å låse opp skapdøra og finne broren sin.

Det finnest framleis historier om holocaust som enno ikkje er fortald. «Saras nøkkel» er ei av dei. På ein nær og spennande måte klarer Tatiana de Rosnay å fortelje om ei nærast gløymd og mørk historie, om då det franske politiet, på eige initiativ, arresterte 4115 born og skilde dei frå mødrene sine med bøtter av kaldvatn, om då hussøkjande franskmenn overtok ledig husvære utan å stille spørsmål om kven og kvifor. Joda, Julia si historie overtar, saman med klisjeane. Likevel, eg klarar ikkje å leggje boka frå meg, sjølv om eg har lest ho ferdig.

Zakhor. Al Tichkah. – Husk. Gløym aldri.

Mi leseoppleving:terningkast 6

Evolusjonens røst

1. mars 2011 20:59

Gjennom “E-diktet” i dag vart eg kjent med diktet “Evolusjonens røst” av Torgeir Rebolledo Pedersen. Les, le og tenk deretter på konsekvensane:

De er knape tidr
De er nsten ikk vokler ign i sprkt
De tk for my tid å les
o bre sg fr my på skrvmskn
Knsnantne har de o gåt utver
Fuglne leger halve eg
O tfor vndut mit voksr tret
i henhld tl de sste nedskjæringene
Ja d r knpe tidr