«Saras nøkkel» (2008) av Tatiana de Rosnay

Eg las boka ferdig 29.01.11

Sykkelvelodromen Vèl d`Hiv i Paris er vendepunktet i livet til Sara og Julia. Sara er ei 10 år gamal jente som i 1942 vert henta av det franske politiet. Saman med over 13 000 andre jødar må ho opphalde seg på denne idrettsarenaen i fleire døgn under umenneskelege forhold, for deretter å bli transportert til Auschwitz. Heile tida tenkjer ho på veslebroren ho låste inn i eit skjult skap heime i leilegheita, like før politiet kom, og at ho har lova å kome attende. Julia er ein 44 år gamal amerikansk journalist, gift med ein franskmann og skal dekke 60-årsmarkeringa av Vèl d`Hiv for eit amerikansk magasin. Samtidig pussar ho opp leilegheita til svigermora hennar, som viser seg å ha tilhøyrt ein jødisk familie som plutseleg forsvann i 1942.

Sakte, men sikkert vert desse to liva knytt saman i deira søken, Julia i sitt research for artikkelen sin og for å finne spor etter Sara, og Sara for å kunne innfri løfte sitt om å låse opp skapdøra og finne broren sin.

Det finnest framleis historier om holocaust som enno ikkje er fortald. «Saras nøkkel» er ei av dei. På ein nær og spennande måte klarer Tatiana de Rosnay å fortelje om ei nærast gløymd og mørk historie, om då det franske politiet, på eige initiativ, arresterte 4115 born og skilde dei frå mødrene sine med bøtter av kaldvatn, om då hussøkjande franskmenn overtok ledig husvære utan å stille spørsmål om kven og kvifor. Joda, Julia si historie overtar, saman med klisjeane. Likevel, eg klarar ikkje å leggje boka frå meg, sjølv om eg har lest ho ferdig.

Zakhor. Al Tichkah. – Husk. Gløym aldri.

Mi leseoppleving:terningkast 6

One thought on “«Saras nøkkel» (2008) av Tatiana de Rosnay

  1. Jeg hørte denne som lydbok for noen uker siden. Likte den utrolig godt og anbefaler den varmt til alle som liker gode historier, så jeg er helt enig med deg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *