Tusenar seglar igjen

Tusen takk til Frode Grytten som kan seie det som skal seiast på «Dugnad for flyktningene» på NRK.
 
Tusenar som seglar
 
Eg er den vanvitige spådommen din
Eg er han som drar ørkenbåten med seg over havet
Eg er han som seglar gjennom stormen
av røyk og rust og gribbar og journalistar.
 
Eg er ein rasande vandringsmann
Eg er han som står litt ute til venstre i argentina-drakt
Eg er han som stirer på helikopteret
der fotografen sit med sitt auge
Eg er han som strekker ut hendene
som om han var Kristus.
 
Eg er ho som sit midt i båten
på styrbord side med ein gut på fanget
Eg er ho du diskuterer på TV og i lunsjpausen
og i parlamentet og i kommentarfeltet
Eg er ho du slepte bomber i hovudet på i 2011
og som du no vegrar deg for å hjelpe
Eg er ho du aldri vil innvilge eit morgongry
Eg er ho som aldri får kvile.
 
Eg er han guten som held i ripa heilt øvst på bildet
Eg er han som har stranda alt før han strandar
Eg er han som du vurderer om du skal plukke opp
fordi du er redd eg skal rasere kommuneøkonomien
Eg er han guten som er på veg mot ditt femstjerners hotell
og ditt badebasseng
Eg er han som ikkje kan symje.
 
Vi er dei tusenar som seglar igjen
Vi er dei tusenar av skuggar
som kjem susande inn i mjølkevegen din
Vi er dei som har reist frå denne nasjonen
full av skrot og blod og patronhylser.
 
Vi er atten, vi er sekstito, vi er fire
Vi er trettito, vi er tjuesju, vi er tolv
Vi har namn, vi heiter noko alle saman
Vi heiter Cilla og Aylan og Amin og Hadji og Mustafa
Vi er tuaregar, vi er tutsiar, vi er berbarar.
 
Vi er dei tusenar som seglar igjen
Vi er dei som har brukt alle sparepengane for å
krysse fornufta eller hamne i ein likpose «made in China»
Vi er dei som blir knust mot kysten din
Vi er dei som hylar om vi i horisonten
oppdagar eit øyre som orkar å høre
Vi er dei som berre ber om å få leve
Vi er dei som har gått tom for bensin
Vi er dei tusenar som seglar igjen.
 
– Frode Grytten

 

One thought on “Tusenar seglar igjen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *