2010

Bøker jeg har lest i 2010:

27.12 – «Innsirkling (2007) av Carl Frode Tiller.

19.12 – «Victoria» (1898) av Knut Hamsun.

16.12 – «Vi skal arve vinden» (2012) av Gunnar Staalesen.

01.12 – «Nattefokk» (2009) av Johan Theorin.

26.11 – «Den tredje mann» (1950) av Graham Greene.

21.11 – «Veien» (2008) av Cormac McCarthy.

10.11 – «Skumringstimen» (2008) av Johan Theorin.

07.11 – «Min kamp 3» (2009) av Karl Ove Knausgård.

10.10 – «Vidunderbarn» (2009) av Roy Jacobsen.

05.10 – «Havets katedral» (2008) av Ildefonso Falcones. Bernat Estanyol flyktar saman med sin babyson Arnau til Barcelona. Han er ein leiglending i mellomalderen som prøver å gje sonen ei framtid. Arnau veks opp og knyt venskap og fiendskap med arva etter faren. Vil han nokon gong gje familien sin ei oppreisning?

06.09 – «Ein vakker dag» (2010) av Anna Gavalda. Garance drar saman med systera Lola, broren Simon og hans kone Carine til eit slektsbryllaup på den franske landsbygda. Syskena stikk av frå Carine og slektningane, og vitjar veslebroren Vincent som jobbar som guide på eit slott. I løpet av ein dag gjenopplever dei barndomen saman, og lurer på kor i livet dei er.

16.08 – «Min kamp 2» (2009) av Karl Ove Knausgård. Hovudpersonen Karl Ove Knausgård bryt med kona og Noreg, flyttar Sverige, forelskar seg i Linda og blir far til tre born. Han lever i 2008, men vekslar om å fortelje innanfor tidsspennet frå 2002 til 2008. Han skriv om lengta og redsla etter å bli elska, kjenne tilhøyrsle og ha ansvar.

03.08 – «Drømmehjerte» (2008) av Cecilia Samartin.
Nora og Alicia er syskenborn og bestevenninner. Deira idylliske barndom omgitt av Cuba si varme sol, fine strender og kjærlege familie, får ein brå slutt da revolusjonen startar og Fidel Castro overtar. Familien til Nora flyktar til USA, mens Alicia sin familie blir att på Cuba – og liva deira tar ulike retningar.

29.07 – «Lykka er ein sjeldan fugl» (2009) av Anna Gavalda. Charles nærmar seg dei 50, reiser mykje i samband med arkitektjobben, og tykkjer han er fanga i eit kjenslelaust ekteskap. Det einaste lyspunktet i tilværet er stedottera. Identitetskrisa slår ut i full blom da han får eit brev med kun tre ord «Anouk er død», og må reise attende til barndommen for å finne grunnlaget for meldinga.

20.07 – «Fem små griser» (1942) av Agatha Christie. Etter 16 år kjem Carla til Poirot for å reinvaske mora frå drapet på faren. Han intervjuar dei som var til stades på den aktuelle dagen etter tur, på same måte som barneregla «fem små grisar», og finn nye spor.

14.07 – «After dark» (2008) av Haruki Murakami. I løpet av 7 timar, frå kl. 23:56 til 6:52, fylgjer vi Mari Asai gjennom natta i Tokyo. Ho vil ikkje sove og leser pensumbøker på kaféen Denny’s. Jazztrombonisten Tetsuya Takahashi kjenner henne att, som systera til Eri, modellsystra som no søv ein koma-liknande svevn på tredje månaden. Kaoru, ei venninna av Takahashi som driv eit kjærleikshotel, treng hjelp då ei av dei kinesiske prostituerte blir overfalt.

08.07 – «Høytleseren» (1997) av Bernhard Schlink. Tyske Michael Berg tenkjer attende då han som 15-åring traff 36-årige Hanna Schmitz, like etter andre verdskrig. Ho pleier han då han er sjuk, og då han seinare vil takke for omsorga, forfører ho han. Dei innleier eit seksuelt forhold der Michael også leser romanar høgt for Hanna. Ein dag forsvinner ho utan forvarsel, utan at nokon veit kvifor. Fyrst da Michael som jusstudent fylgjer rettssakene mot nazistane, dukkar ho opp på tiltalebenken, og han får etterkvart vite kven ho eigentleg er.

05.07 – «Min kamp» (2009) av Karl Ove Knausgård. I det Karl Ove Knausgård gjer ut si fyrste bok av seks om sitt liv, som ifylgje forfattaren er ein kamp, viser det at dette er meir eit prosjekt og ein installasjon, enn eit litterært verk. Eg liker passasjane då han har sine filosofiske vurderingar over livet og familien. Likevel blir det for detaljert og banalt då han skildrar kvardagen han har og hadde. Alle episodane byggjer opp under ei forventning om at noko skal skje, men som ikkje skjer. Eg ventar på eit klimaks, men det blir ikkje innfridd.

29.06 – «Little Bee» (2010) av Chris Cleave. Det skjer noko umenneskeleg på standa i Nigeria, som bind det ferierande ekteparet Sarah og Andrew frå England til dei flyktande innbyggjarane Sarah og Little Bee. To år seinare står Little Bee på trappa til Sarah, ho kjem frå ei interneringsleir i England, og Sara, redaktøren for eit motemagasin Sarah, veit ikkje heilt kva ho skal gjere.

12.06 – «Paktens voktere» (2007) av Tom Egeland. 3 tidslinjer kryssar kvarandre då arkeologen Bjørn Beltø snublar over eit eldgammalt papyrusmanuskript på Island. Det viser seg å vere skriven av egyptarar for 3500 år sidan, og stolen av vikingar for 1000 år sidan. I jakta på runerebusar, heilag geometri og opphavet til bibelen, finn Bjørn svar som kan velte religionane og verdshistoria. Samtidig er det nokon som ikkje ønskjer at han skal publisere funna og teoriane sine, og vil drepe dei som ber på sanninga.

16.05 – «Hundre år» (2009) av Herbjørg Wassmo. 3 generasjonar med sterke og rådføre kvinner, oldemor Sara Susanne, bestemor Eldia og mor Hjørdis til forfattaren Herbjørg, vert ei hundre år gamal slektshistorie frå 1842 til 1942. Fellestrekket for desse kvinnene er at dei lengtar, men får aldri førstevalet. Dei vel familien framfor eigen lukke. Likevel set det inga avgrensing på deira identitet og sjølvstende.

07.05 – «Det mørke tårn VI – Susannahs sang» (2009) av Stehpen King. «Susannahs sang» held fram der «Ulvene» ender, etter å ha avslutta deira gjeremål i Calla Bryn Sturgis, får revolvermennene og ka-tet selskap av fader Callahan. Dei vert splitta opp da gravide Susannah blir kidnappa av demonen Mia, som drar tilbake til New York i 1999 for å føde og oppdra «krabaten». Roland, Eddie, Jake og Callahan si oppgåve blir då å verne om ei raud rose på ei aude tomt i New York, samtidig som dei må finne det mørke tårn før alle verdene kollapsar.

03.04 – «En verdensomseiling under havet» (1869) av Jules Verne. Eg-personen professor Pierre Aronnax blir saman med tenaren Conseil og harpuneren Ned Land, tatt til fange av kaptein Nemo. Gjennom Aronnax blir vi lesarar meir kjent med den gåtefulle Nemo. Kven er han? Kvifor har han valt bort livet på landjorda? Kva søkjer han etter? Men eg synest ikkje boka gjev noko konkrete svar. Då vippar eg mellom det geniale og utilfredsstillande.

07.03 – «Robinson Crusoe» (1719) av Daniel Defoe. Familien til Robinson er frå middelklasse-England på 1600-talet, men han trosser faren sitt ynskje om å bli advokat og drar til sjøs. Etter sju år, som blant anna kvit slave og plantasjeeigar, skal han hente slavar frå Afrika. Skipet forliser, og Robinson er den einaste som overlever. På ei aude øy nær Venezuela, klarer han med hjelp av få verktøy å gjenskape ein komfort han er fornøgd med. Tryggleiken endrar seg etter 15 år, då han oppdagar eit framand fotspor i sanda.

24.02 – «Hudløs himmel» (1986) av Herbjørg Wassmo. Tora strever med tankane om hennar dødfødde barn, hatet til stefaren, mora sitt umedvite og dei sosiale krava frå medelevane på realskulen. Til slutt klarar ho å dele dette med tanta si, som lovar å hjelpe ho. Tante Rakel ordnar opp, prøver å spore opp slekta til Tora i Tyskland, samtidig som ho sjølv kjempar mot kreft.

19.02 – «Det stumme rommet» (1983) av Herbjørg Wassmo.
Dette er ei direkte fortsetjing frå «Huset med den blinde glassveranda». Stefaren til Tora blir fengsla for å ha tent på Simonbruket, men ingen veit om det største brotsverket; seksuelle overgrep på stedottera si. I fråværet av «farligheten» opplever Tora tryggleik, ho veks og utfaldar seg på Tusenhjemmet og på skulen. Mora, tante Rakel og onkel Simon støtter henne moralsk og økonomisk for å gå på Breiland kommunale realskule. Det ser ut til å gå vegen for Tora.

18.02 – «Saman er ein mindre aleine» (2005) av Anna Gavalda. Paulette ramlar overende i huset sitt og må på pleieheim. Ho har berre barnebarnet Franck som kan sjå til henne, men han er ein travelt opptatt kokk som arbeider kvar dag. Han bur i ein enorm leilegheit i Paris saman med adelege Philibert. Ovanfor bur Camille som teiknar alle ho kjenner. På ein forunderleg måte blir alle desse fire involvert i kvarandre sitt liv, og husværet til Philibert blir eit sentralt møtepunkt.

24.01 – «Drapet på Harriet Krohn» (2004) av Karin Fossum.  Charles Olav Torp er enkjemann, har ei 16-år gamal dotter som ikkje vil vite av han, er avhengig av spill og har 200 000 kroner i gjeld. Han planleggjar og utfører drapet på Harriet Krohn, blir kvitt spillegjelda, får seg ein jobb og dottera tek kontakt med han att. Det ser ut til at alt ordnar seg for Charlo, men så får politietterforskar Konrad Sejer saken.

12.01 – «Panserhjerte» (2009) av Jo Nesbø. Harry Hole blir henta heim av Kaja Solness frå doptilvære i Hong Kong til Valdsavsnittet ved Oslo politikammer. Skada og medtatt etter «Snømannen» blir han tvungen og utfordra til å løyse ein rekkje drap der dei drepne ikkje har nokon klår samanheng med kvarandre. Nokre av dei blir drepe på den same bisarre måten – kvelt av sitt eige blod. Samstundes skjer det ein maktkamp innover i politiet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *