Vi klarte det, vi klarte det, vi klarte det, vi klarte det!

Utfordringar og meistring står i høgsetet for tida. I helga var det «Midnattsolrittet 2010» i regi av Bodø Cyckleklubb, å sykle frå Fauske til Bodø, 55 kilometer. Eg og to kollegaer gjennomførte det på laurdag. Vi starta kl. 18.10.

Illustrasjonsfoto lånt av Avisa Nordland

Ho eine av oss suste av garde og fekk ei kjempegod plassering på resultatlista. Vi to andre heldt oss i lag i tilfelle nokon av oss måtte ha hjelp til å ringe 113. Og vi trøysta oss med at om vi braut rittet, kunne returbussen plukke oss opp. Vi kom i mål på 2 timar, 58 minutt og nokre sekund! Eg gjekk ikkje av sykkelen anna enn på drikke- og matstasjonane. Meistringskjensla er på topp! Vi klarte det!

P.S. Det finst ingen flate strekningar mellom Fauske og Bodø!

Ja, tenke det; ønske det; ville det med; — men gjøre det! Nei; det skjønner jeg ikke!

sa Ibsen sin Peer Gynt i 1867.

Det var noko sånt vi tenkte då vi starta i vinter på dansing for damer 30+. Ladies night er for oss mødre og tanter som har fylgt våre håpefulle på dansetreningane deira, og likt «movsa» deira. Vi var over 70 damer på opningskvelden, den største gruppa i Dans Fauske! Med Candyman, Tina Turner, Salsa, Queen og Hot and cold i øyre og føter, har vinteren gått og våren nesten kome. Ein gong i veka har vi flira, dansa og hatt det toppers. I kveld var vi omtrent 20 på vår-showet.

Eg er ingen meister, ikkje eingong fauskemeister, men eg dansa på scenen framfor 1000 menneske! Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å delta sidan eg er sjenert av natur, men eg kunne ikkje bortforklare det for min son og alle dei andre ungane som skulle vere med. I ettertid er eg ikkje sikker på om eg hugsa alle stega, men eg var med!

A giant leap for me!

Ortoklor har hatt ein liknande oppleving …