«Saras nøkkel» (2008) av Tatiana de Rosnay

Eg las boka ferdig 29.01.11

Sykkelvelodromen Vèl d`Hiv i Paris er vendepunktet i livet til Sara og Julia. Sara er ei 10 år gamal jente som i 1942 vert henta av det franske politiet. Saman med over 13 000 andre jødar må ho opphalde seg på denne idrettsarenaen i fleire døgn under umenneskelege forhold, for deretter å bli transportert til Auschwitz. Heile tida tenkjer ho på veslebroren ho låste inn i eit skjult skap heime i leilegheita, like før politiet kom, og at ho har lova å kome attende. Julia er ein 44 år gamal amerikansk journalist, gift med ein franskmann og skal dekke 60-årsmarkeringa av Vèl d`Hiv for eit amerikansk magasin. Samtidig pussar ho opp leilegheita til svigermora hennar, som viser seg å ha tilhøyrt ein jødisk familie som plutseleg forsvann i 1942.

Sakte, men sikkert vert desse to liva knytt saman i deira søken, Julia i sitt research for artikkelen sin og for å finne spor etter Sara, og Sara for å kunne innfri løfte sitt om å låse opp skapdøra og finne broren sin.

Det finnest framleis historier om holocaust som enno ikkje er fortald. «Saras nøkkel» er ei av dei. På ein nær og spennande måte klarer Tatiana de Rosnay å fortelje om ei nærast gløymd og mørk historie, om då det franske politiet, på eige initiativ, arresterte 4115 born og skilde dei frå mødrene sine med bøtter av kaldvatn, om då hussøkjande franskmenn overtok ledig husvære utan å stille spørsmål om kven og kvifor. Joda, Julia si historie overtar, saman med klisjeane. Likevel, eg klarar ikkje å leggje boka frå meg, sjølv om eg har lest ho ferdig.

Zakhor. Al Tichkah. – Husk. Gløym aldri.

Mi leseoppleving:terningkast 6

Evolusjonens røst

Gjennom «E-diktet» i dag vart eg kjent med diktet «Evolusjonens røst» av Torgeir Rebolledo Pedersen. Les, le og tenk deretter på konsekvensane:

De er knape tidr
De er nsten ikk vokler ign i sprkt
De tk for my tid å les
o bre sg fr my på skrvmskn
Knsnantne har de o gåt utver
Fuglne leger halve eg
O tfor vndut mit voksr tret
i henhld tl de sste nedskjæringene
Ja d r knpe tidr

«Havets katedral» (2008) av Ildefonso Falcones

Eg las denne boka ferdig 05.10.10.

Bernat Estanyol flyktar saman med sin babyson Arnau til Barcelona. Han er ein leiglending i mellomalderen som prøver å gje sonen ei framtid. Arnau veks opp og knyt venskap og fiendskap med arva etter faren. Vil han nokon gong gje familien sin ei oppreisning?

Dei historiske rammene er korrekte, og i mens den nye katedralen Santa Maria de la Mar byggjast, får Arnau ein ven og «bror» for livet, Joan. Likskapen og forskjellane driv historia framover. Sviket kjem som forventa, men det tek litt for lenge å rette det opp att.

Det er visst «in» for tida å skrive inn si eiga historie inn i historia. Falcones flettar Arnau inn på ein truverdig måte, og det er spennande sidan eg ynskjer litt meir rettferd i det som visstnok ein gong skal ha skjedd. Einaste ulempa at eg blir utålmodig, og synest forfattaren dreg det litt for langt ut.

Mi leseoppleving:terningkast 5