«Ein vakker dag» (2010) av Anna Gavalda

Eg las siste punktum i denne boka den 06.09.10.

Garance drar saman med systera Lola, broren Simon og hans kone Carine til eit slektsbryllaup på den franske landsbygda. Syskena stikk av frå Carine og slektningane, og vitjar veslebroren Vincent som jobbar som guide på eit slott. I løpet av ein dag gjenopplever dei barndomen saman, og lurer på kor i livet dei er.

Dette er ei lettlest og tynn bok. På vaskesetelen på baksida står det at dette er ein hyllest til syskenkjærleik, men det kan like godt vere ein hyllest til gamalt venskap med ein felles barndom.

Eg likar dialogane til Anna Gavalda. Dei er enkle, men ikkje føreseielege og kan ta ei morosam vending, slik som i «Saman er ein mindre aleine» og «Lykka er ein sjeldan fugl». Likevel kan ikkje denne boka måle seg med desse; den er lett å lese og lett å gløyme.

Mi leseoppleving:terningkast 4

«Min kamp 2» (2009) av Karl Ove Knausgård

Eg er litt på etterskot når det gjeld bokmeldingar, denne las eg ferdig 16.08.10.

I andre boka (av seks) om sitt liv, har forfattaren og boka fått eit ettermæle på grunn av alt som er sagt på førehand og i ettertid. Sjølve innhaldet er middelmåtig.

Hovudpersonen Karl Ove Knausgård bryt med kona og Noreg, flyttar Sverige, forelskar seg i Linda og blir far til tre born. Han lever i 2008, men vekslar om å fortelje innanfor tidsspennet frå 2002 til 2008. Han skriv om lengta og redsla etter å bli elska, kjenne tilhøyrsle og ha ansvar.

Denne dualismen gjer at eg kjenn meg att, men dei vala han gjer, skapar distanse. Han syt for mykje og utleverer sine næraste.

Kva er vitsen med alle kvardagsdetaljane? Kvifor skriv han om matsøpla, babygymnastikken, oppvasken og middagslaginga? Eg ventar på noko som aldri skjer. Vi kan godt diskutere etikk, sjanger og sanning, men for meg blir ikkje dette noko meir enn ei alt for lang historie om ein som, ifylgje seg sjølv, rekonstruerer si eiga historie.

Mi bokmelding av «Min kamp – 1» av Karl Ove Knausgård.

Mi leseoppleving:terningkast 3

«Fem små griser» (1942) av Agatha Christie

Etter 16 år kjem Carla til Poirot for å reinvaske mora frå drapet på faren. Han intervjuar dei som var til stades på den aktuelle dagen etter tur, på same måte som barneregla «fem små grisar», og finn nye spor.

Vi lesarar les historia på same tid som Poirot avdekker mysteriet – i presens perfektum – i fortid. Om ein klarer å halde tunga rett i munnen, og sile ut informasjonen på same tid som Poirot får den, kan ein finne ut kven som drap den eksentriske målaren Amyas Crale.

I denne boka overraskar ikkje krimdronninga med nokon store krumspring. Eit lite tips: Hold på den lille mistenkjelege kjensla heilt til siste slutt!

Mi leseoppleving:terningkast 4