Cherry on Top Award

Eg har fått ei utmerking frå Beate blogger om bøker, for å vere ein feiande flott bloggar! Ein god grunn til å skrive eit innlegg, noko som eg ikkje har hatt så mykje tid til i det siste.

Reglane er:

  1. Takk han eller ho du har fått prisen ifrå.
  2. Kopier prismerket til bloggen din.
  3. Fortel kva for tre forfattare du reknar som dine favorittar, og nemn ei yndlingsbok per forfattar.
  4. Send prisen vidare til 5 mottakare som du føler fortener han.

Mine tre farvorittforfattare med yndlingsbøker er:

  • Knut Hamsun og «Victoria». Eg har alltid likt Hamsun, både som pensum og opplevingslesing. Det er vanskeleg å velje mellom «Pan» og «Victoria», men sistnemnte er ei bok eg til støtt og stadig les om att.
  • Stephen King og «The Stand». King var den fyste romanforfattaren eg las på engelsk, og sida har eg prøvd å lese minst ein engelsk roman av han i året. «The Stand» viser verda som eit mikrokosmos etter ein dødeleg epidemi. Tett oppunder kjem «The Shining».
  • Anna Gavalda og «Saman er ein mindre aleine». Franske Gavalda er oversett til ein nydeleg nynorsk, med interessante karakterar og spennande handling.

Eg nominerer og tagger desse fem bloggarane for å vere ei god inspirasjonskjelde til lesing og skriving:

Ja, tenke det; ønske det; ville det med; — men gjøre det! Nei; det skjønner jeg ikke!

sa Ibsen sin Peer Gynt i 1867.

Det var noko sånt vi tenkte då vi starta i vinter på dansing for damer 30+. Ladies night er for oss mødre og tanter som har fylgt våre håpefulle på dansetreningane deira, og likt «movsa» deira. Vi var over 70 damer på opningskvelden, den største gruppa i Dans Fauske! Med Candyman, Tina Turner, Salsa, Queen og Hot and cold i øyre og føter, har vinteren gått og våren nesten kome. Ein gong i veka har vi flira, dansa og hatt det toppers. I kveld var vi omtrent 20 på vår-showet.

Eg er ingen meister, ikkje eingong fauskemeister, men eg dansa på scenen framfor 1000 menneske! Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å delta sidan eg er sjenert av natur, men eg kunne ikkje bortforklare det for min son og alle dei andre ungane som skulle vere med. I ettertid er eg ikkje sikker på om eg hugsa alle stega, men eg var med!

A giant leap for me!

Ortoklor har hatt ein liknande oppleving …

Oppvarming til Lost

I dag startar siste sesong med Lost i USA, og ein gong i mars kan vi fylgje den på TVNorge. Det har skjedd mykje sidan 2004 – 5 år og 5 sesongar er ikkje til å kimse av. Som den trufaste Lost-tilhengjaren eg er, har eg skaffa meg den komplette 1-5 på DVD for å friske opp minnet. No har eg sett sesong 1 att, og kan konkludere med at dette er ein av dei beste TV-seriane i verda!

Gler meg til finalen!

Brukbare lenkjer: