Brunkrukka

Med dotter mi kan eg prate om mangt
for no tek ho til å bli stor.
Vi drøser om livet, ho syns det er langt,
det synst ikkje eg – som er mor.
men ein dag så sa ho; eg ynskte at eg
kunne leva mitt liv slik som du -.
Eg støkk da ho sa det og sa; kjære deg,
det vil eg da helst ikkje tru!

Du skjøner; eg tenkjer stundom at eg
var tenkt til ei krukke – så fin
at folk skulle stansa i undring ved synet
og spørja om skaparen min!
Kanhende eg og skulle fyldest med blomer
og gledd dei som for frammom meg,
men krukka mi vart berre rifter og skråmer
til sist mått eg gje meg iveg
til pottemakaren, som kan slikt noko vøle,
og tenk deg; han gjorde ei ny!
Ein brun og rund kvardagsfasong kunne høve
til det som vart gjerninga mi -.

Ho såg på meg, dotter mi, så sa ho stille;
eg synst slike brunkrukker er veldig gilde!
Og veit du, ein dag som du trur ho er tom
skal du skråpa ho inni og sjå etter om
det ikkje der nede, på botnen av alt
finst kjærleikens olje og livsens salt.
For noko må det vel være ein stad
– ho trøysta meg slik, ville gjere meg glad –
som gjer at borna dine, av deg
fekk veta koss ein til livet finn veg – !

Og blomer og stas treng ‘kje brunkrukka di
du veit; ho vert vakrast med røsslyng i!

– Hjørdis Renli

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *