Kjærleik

– Kjærleik?
Ulmande uro.
Vårbrus! – Flaum -.
Tærande lengt.

Kjærleik -.
mjuke draumar.
Glede! – Sorg -.
Tankar på flukt.

Tjora tanken!
Stansa draumen!
Fengsla lengten -!
Stoppa flaumen!

Nyttelaust -. Fåfengt -.
– Kjærleik -.

– Gunvor Norum

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *