Vår einsemd

Einsemd.
Ei klokke tikkar.
Omnen sprakar døyvt,
gløser raudt i skumringa.
Kvelden er aldri kveld som om hausten.

Nyss fòr dei andre ifrå meg,
såg meg stå einsam att.
Dei sa at eg måtte ikkje fryse,
dei spurde om eg kanskje var redd,
redd for å vera aleine,
no når det lid mot natt.

Men eg er aldri einsam eg no,
eg som ber deg.
Kulde kan eg ikkje kjenne eg no,
eg som har ditt varme liv,
dine nye, bankande pulsar i meg.

Mørkret eig inga makt over meg meir,
slepp meg ikkje eingang nær,
all er eg fullt av morgonrauden frå DIN dag,
som snart skal gry.

Å varme løynlege liv som eg ber –
det hender eg gløymer min lengsel etter deg,
det hender eg ønskjer eg ikkje skulle føde deg,
anna eg alltid fekk eige deg,
eige deg slik som eg eig deg no.

Ja, det er eining, endeleg, mi med deg.
Alt mitt går opp i deg,
og du er enno berre som ei kjerne,
ein part av meg.

Snart skal dagslyset skine på deg,
snart skal menneskeauge sjå deg,
snart skal du ha eit namn.

Enno er det berre eg som eig deg,
enno er du berre som eit nytt organ eg har fått,
som verkar i meg slik at eg er usårleg og unåeleg.
Vondskap og pine og alt mørkt og sårt
får ikkje rekke meg over solen.
Så lett trør eg,
eg som trør så tungt no om dagen,
fordi eg ber på deg.

– Halldis M. Vesaas fra «Lykkelege hender»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *